Hopp til innhold

– Barna er truleg i India innan april

Barnevernet har for andre gong snudd i den betente India-saka. Nå ser det ut som om to indiske barn får bli med onkelen sin tilbake til India så snart som i april.

Gunnar Toresen, sjef Barnevernet i Stavanger

Sjef i barnevernet i Stavanger kommune, Gunnar Toresen, trur at barna vil vera tilbake i India innan april.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Norway Nightmare - overskrift i indisk TV

Barnevernet i Stavanger tok i mai i fjor to barn frå eit indisk foreldrepar i Stavanger. Dette har blitt storpolitikk. Indiske medium har omtalt saka for 'Norway Nightmare'.

Foto: Skjermdump frå NDTV

– Dersom Stavanger tingrett godkjenner dette er eg rimeleg overbevist om at dei to barna vil setja føtene sine på indisk jord innan april månad, seier barnevernsjef Gunnar Toresen til Nrk.no.

Heilomvending

I kveld sende Stavanger kommune ut ei pressemelding om at dei gjer heilomvending i den såkalla India-saka endå ein gong.

Dermed ønskjer å gå til retten for å be om at det offentlege si omsorg for to indiske barn skal bli oppheva.

Førre veke blei denne planen avblåst frå kommunen si side, på grunn av det dei karakteriserer som kaotiske tilstandar i familien.

– Nå er me trygge på at avtalen vil bli gjennomført, og onkelen ønskjer sjølv omsorga for dei to barna, seier Toresen.

Vil ha utanriksteneste for barnevernet

Det har vore stor merksemd rundt denne barnevernsaka etter to barn blei tatt frå dei indiske foreldra sine i Stavanger.

Det har gjennom indiske medium kome sterke skuldingar mot Norge. Dette førde til ei diplomatisk krise, som gjorde at saka blei tatt opp på ministernivå.

Dette har vore vanskeleg for barnevernet i Stavanger å handsama, noko som har ført til at dei nå har etterlyst ei eiga utanriksteneste for barnevernet.

Nå trur Toresen at dei endeleg kan legga saka bak seg.

– Det er likevel viktig å understreka at me ikkje vil senda barna til India for å vera høflege. Me meiner at dette er det beste for barna, og det er det beste for barna me heile tida har halt som det viktigaste.

– Vaklande?

– Dette er andre gong de snur i saka, framstår de ikkje litt vaklande i ei viktig barnevern- og diplomatisk sak?

– Det ville vore uforsvarleg å gått til retten førre veke. Me hadde ein avtale, som plutseleg ikkje alle ville vera med på lenger, seier barnevernssjefen.

Han seier at alle partane nå har blitt samde og at rettsmøte vil skje 17. april.

– Familien er kjempeglade

Advokaten til dei to foreldra som har mista omsorga for barna sine er glad for vendinga i saka.

– Foreldra er svært glade nå som det ser ut til at barna får reisa til India, seier advokat Svein Kjetil Lode Svendsen.

Han var skuffa då kommunen førre veke avlyste rettsmøte, men meiner nå at kommunen har gjort det riktige.

– Dette er til det beste for barna, utan tvil, seier Lode Svendsen.