Hopp til innhold

Meiner det er grunnlag for å sjå nærmare på Tyrkia-saka

I eit brev frå rådmannen kjem det fram at Stavanger kommune ikkje tar ansvar for kidnappinga i den såkalla Tyrkia-saka, for fem år sidan. Cecilie Bjelland, som er gruppeleiar i Stavanger Ap, meiner det er grunnlag for å sjå nærmare på saka.

Cecilie Bjelland

Cecilie Bjelland, gruppeleiar i Stavanger Arbeidarparti, ser svært alvorleg på Tyrkia-saka.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

I 2006 blei to norske fosterforeldre på ferie i Tyrkia nekta av tyrkiske styresmakter å ta sine to fosterbarn ut av landet, etter ferien var over. Same år brukte Stavanger kommune i all hemmelegheit 500.000 kroner på å smugle barna ut av Tyrkia.

At denne saka nå har blitt rulla opp i media gjer at Fylkesmannen har bedd rådmannen i kommunen om ei forklaring for barnevernssaka.

Kunne ha stansa heimreisa

I dag kom svaret til Fylkesmannen, og rådmann i Stavanger, Inger Østensjø, held fast på at kommunen ikkje var involvert i planlegginga av utreisa i Tyrkia-saka. Ho meiner også at kommunen ikkje godkjente metoden som blei valt.

Samstundes skriv rådmannen at Stavanger kommune var informert i forkant av utreisa, og at dei derfor kunne ha stansa den.

Kommunen finansierte også reisa til norske advokatar, som brukte store summar på hjelparar i Tyrkia. Sjølv om kommunen finansierte dette, avviser dei at dei kjente til korleis pengane skulle bli brukt.

– Ikkje vanleg praksis

– Er det normal kommunal praksis å finansiera ein tur utan å ha noko vidare med den å gjera?

– Det er ikkje vanleg praksis at ein utbetaler ein halv million kroner til ei reise, som ein ikkje har den fulle oversikt over. Sjølvsagt ikkje. Men i advokatens brev til kommunen er det oppgitt at ein opplever dette som ein spesiell situasjon. seier Inger Østensjø til NRK.no.

I svarbrevet kjem det også fram at kommunen ikkje kan gjera greie for korleis den halve millionen har blitt brukt.

Østensjø seier vidare at det har vore eit vanskeleg arbeid å gå inn i det som skjedde i 2006:

– Eg har ikkje grunnlag til å gå inn å vurdera den situasjonen som var for fem og eit halvt år sidan, det er ein kompleks og samansett sak, men rådmannen har etter beste evne forsøkt å svara på spørsmåla frå Fylkesmannen, seier ho vidare.

Ho seier nå at ho vil sjå an den vidare behandlinga av saka hos Fylkesmannen.

Cecilie Bjelland reagerer

Neste veke skal formannskapet i Stavanger kommune bli informerte om saka.

Cecilie Bjelland i Stavanger Ap tar saka svært alvorleg:

– Dette viser at saka er alvorleg. Det som nå er grave opp viser at me har grunn til å gå inn i den, og finna ut kva som eigentleg har skjedd, seier ho til NRK.no.

– Neste veke legg rådmannen fram saka for formannskapet, og slik eg har forstått det har ordføraren bedd kontrollutvalets leiar om å sjå på om saka treng særskilde eigenkontrolltiltak, seier rådmannen til slutt.