Hopp til innhold

Kommunegrenser skal vinne valet for Sp

Det er ingen tvil om kva som blir den viktigaste valkampsaka for Senterpartiet i Rogaland denne hausten. Det er kommunesamanslåingsdebatten partiet satsar på skal gi dei høge stemmetal.

Kart, Hjelmeland i Rogaland

Hjelmeland, Strand og Forsand i ein ny kommune? Det vert ein diskusjon fram mot valet til hausten.

Foto: Kart: googlemaps.com

– Eg har ikkje tru på at det blir noko av at Hjelmeland slår seg saman med Forsand og Strand, eg.

Bjørn Laugaland var ordførar i Hjelmeland i Ryfylke i sist periode. Debatten rundt den stramme økonomien til kommunen gjorde at han tapte det vervet til Høgre dei siste fire åra.

Bjørn Laugaland, Sp. Ordførarkandidat i Hjelmeland kommune

Ordførarkandidat for Sp i Hjelmeland kommune, Bjørn Laugaland, trur ikkje på samanslåing med Forsand og Strand.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nå er Laugaland klar til valkampdyst med kommunesamanslåingsdebatten som det viktigaste valkampvåpenet.


– Fok er ikkje klar for det. Det vil bli ei forrykande sentralisering og det vil me ikkje ha. Me har det veldig godt som me har det, og me har inntekter så det halde, hevdar han.

OK med friviljug samanslåing

Partiet skal likevel ikkje vera kategorisk mot kommunesamanslåingar. Dersom det skjer på ein friviljug måte og dersom innbyggjarane godtar det, så skal Senterpartiet seie at det er greitt.

Rogaland

Rogaland fylke har 26 kommunar. Hjelmeland, Strand og Forsand i Ryfylke, snakkar om å slå seg saman.

Foto: Kart: SSB/Statens Kartverk

– Det er faktisk fire-fem kommunesamanslåingar i heile landet som har gått føre seg dei siste åra, og det har vore senterpartiordførarar involverte i alle saman.

Det seier første nestleiar i Sp, Ola Borten Moe.

– Det er Høgre sitt krav om tvungen samanslåing me skal vera i mot i valkampen, seier Borten Moe.

Ola Borten Moe og Geir Pollestad frå Senterpartiet

Både første nestleiar i Sp, Ola Borten Moe og stortingsrepresentant frå Rogaland, Geir Pollestad, snakka om kommunesamanslåingsreformen på fylkesårsmøtet i Rogaland

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Krev folkeavstemming

Fleire innlegg på fylkesårsmøtet til Rogaland Sp, nemnde at Senterpartiet skal ha fokus på kommunen som ein stad som skal leggje til rette for folkestyre. Ikkje berre ein tenesteprodusent, men ein stad der den enkelte innbyggjar skal få vera med å styre over sin kvardag.

– Då er det også ein konsekvens at samanslåing med nabokommunar må leggjast fram for innbyggjarane gjennom ei rådgjevande folkeavstemming, det seier stortingsrepresentant for Sp i Rogaland, Geir Pollestad.

Demokrati viktigare enn administrasjon

Fylkesleiar Bjarne Undheim viste i talen sin til erfaringane frå Danmark og samanslåingsreforma dei hadde der for nokre år sidan. Undheim sin konklusjon var at større kommunar hadde ført til meir makt til administrasjonen og mindre til politikarane.

Bjarne Undheim, fylkesleiar i Rogaland Sp

Fylkesleiar i Rogaland Sp, Bjarne Undheim, meiner at folkestyre er viktigare enn tenesteproduksjon, for kommunane.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Og eg som trudde det handla om nærleik og folkestyre, sa han.