– Dette er noko fleirtalspartia har prøvd å pressa gjennom i alle fall det siste halvtanna året. Dei ønskjer å få den nye bomringen vedtatt i Stortinget før kommunevalet i 2023, seier Svein Erik Indbjo.
Han sit i kommunestyret for Frp i Haugesund og er fylkesleiar i Frp.
Sjølv er han mot nye bompengar og har slett ikkje hastverk. Det beste han kan tenkje seg er at den nye bomringen skal bli tema i valkampen neste år.
Det er det ikkje sikkert den blir i fleire kommunar i Rogaland og Vestland.
Svein Erik Indbjo (Frp).
Foto: Rosa Iren Villalobos / NRKKommunane vil få det unnagjort
12. mai var det styringsmøte i den nåverande bomringen på Haugalandet. Til stades var kommunane Bokn, Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord i Rogaland og Etne og Sveio i Vestland.
I referatet står det at kommunane ønskjer å få vedtaket om nye bomringar unnagjort før valkampen neste år.
Haugesund kommune vil flytte brua til Risøy for å få tungtrafikk vekk frå sentrum.
Foto: Linn Karin Fludal«Kommunene har ønsket at bypakken kan behandles lokalpolitisk før valget i 2023», står det under punktet «orientering om arbeid med nye bompengepakker på Haugalandet».
Åtvarar mot å fjerne bomringar frå valkampen
– Veljarane bør få ta stilling til viktige saker, sjølv om det kan vera smertefullt for politikarane, seier Svein Tuastad, statsvitar med politikk og val som spesialfelt.
Svein Tuastad, statsvitar ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Foto: Torkel Anstensrud Schibevaag / NRKViss politikarane prøver å halde bompengesaker unna valkampen, er det i strid med slik me vil at demokratiet skal fungera, meiner Tuastad.
Bommotstandarane pressa politikarane i kne
I kommunevalet i 2017 var bompengemotstand det store temaet.
På Nord-Jæren førte den folkelege motstanden til at ordninga med høgare takstar i bomringen i rushtida blei fjerna ei veke før valet.
I 2019 forsvann bompengeinnkrevjinga i Finnfast i Rogaland. Regjeringa løyvde ekstra pengar slik at bompengane kunne fjernast.
Foto: Ståle Frafjord / NRKInnkrevjinga i tunnelprosjektet Finnfast i Finnøy blei stansa tidlegare enn planlagt. I tillegg var det politisk fleirtal for at andre bomprosjekt, som gjekk mot slutten, ikkje skulle erstattast av nye.
Haugalandspakken fekk gjennomgå
To år etter, i 2021, kom også ein krass rapport om den nåverande bomringen på Haugalandet. Rapporten konkluderte med manglande kostnadskontroll og dårleg planlegging.
Erlend Jordal (H).
Foto: Høyre– Der viste gjennomgangen at det hadde vore svak styring og dårleg kostnadskontroll.
Kostnadsanslaga var for låge og for dårleg kvalitetssikra, seier leiaren i kontrollkomiteen i fylket, Erlend Jordal (H).
Nye planar
Om eitt år går konsesjonen for Haugalandspakken ut, og då ønskjer fleire av kommunane i området å etablere nye, kommunale bomringar.
Haugesund kommune vil bruke inntektene til å byggje ny bru til Risøy og til å betre tilhøva for sykling og kollektivtrafikk.
Arne-Christian Mohn (Ap) vil ha fleire folk i Haugesund over frå bil til buss
Foto: Arne Gunnar Olsen / NRKI tillegg ønskjer dei ein avtale som betyr meir pengar frå staten mot at dei lovar at personbiltrafikken i kommunen ikkje skal auka.
– Eg opplever at eit klårt fleirtal i kommunestyret meiner det er så viktig å få ned tungtrafikken i sentrum, at dei aksepterer å innføre nye bompengar for å gjennomføre det, seier ordførar Arne-Christian Mohn (Ap).
Han meiner ikkje at det er eit problem for Arbeidarpartiet om den nye bomringen blir heftig debattert i valkampen.
– Det er for å koma i posisjon til å søkje om pengar frå staten at me har hastverk. Ikkje fordi me er redde for at det blir ei viktig valkampsak, seier Mohn.
Kan bety reprise på bompengeopprøret
Statsvitar Tuastad ved UiS seier at dersom bomutgiftene til folk aukar, er det eit draumescenario for populistiske parti som Frp og Folkets parti.
– Det er klar risiko for at det kan bli reprise på bompengeopprøret me har sett i byane, seier han.
Ordførar Mohn i Haugesund seier dei tar sikte på å ikkje auke bompengetrykket noko særleg ut over dei 12 kronene per passering, slik det er i dag.