Kommunalt selskap dumpa avfall – fisken forsvann

Renovasjonsanlegget la ein stor komposthaug nær bekken. På fire veker forsvann fisk og liv frå vatnet.

Ernst Malmin

Nabo Ernst Malmin er uroa for livet etter forureining i bekken i Sandnes. No kan det interkommunale selskapet bli politimeldt.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

For om lag ein månad sidan kjente fleire naboar ein illeluktande eim langs bekken i Sandnes. Først trudde dei det kunne vere utslepp frå gardsdrifta lenger oppe, eller at hovudkloakkleidninga hadde sprunge lekk.

Lukta viste seg å kome frå ein stor haug kompost som låg utanfor komposteringsanlegget til Ivar, det interkommunale selskapet for vann, avløp og renovasjon.

No lakk det ut, og forureina bekken.

IVAR-anlegget på Hogstad

Her ligg komposten som renn ned mot Lutsivassdraget.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Avrenninga frå haugen var så mørk at kaffi verkar lyst i forhold, seier nabo Ernst Malmin.

– Bekken har fått eit tjukt belegg. Steinane, botnen og kanten er tildekte, her kor det tidlegare har vore klart og fint, fortel han.

Fisken har forsvunne

Før utsleppet var det både yngel og gytefisk i bekken på Hogstad. No er dei borte. Ein av grunnane er «lammehalar», bakteriekoloniar som dukkar opp i vatn som er organisk forureina.

Lammehaler

Nabo Ernst Malmin med ein «lammehale».

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Då Fylkesmannen si miljøvernavdeling besøkte Ivar førre veke, konkluderte dei med at situasjonen utanfor anlegget er alvorleg. Komposthaugen, som eigentleg skulle blitt brukt i landbruket, inneheld plast og vart derfor mellombels plassert ute.

Miljøvernavdelinga har bede Ivar rydde opp så snart som mogleg, og har fått ein plan med tiltak.

Portrettbilde av assisterande miljøvernsjef hos fylkesmannen i Rogaland, Marit Sundsvik Bendixen

Marit Sundsvik Bendixen, assisterande fylkesmiljøvernsjef i Rogaland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det såg ganske ille ut, fortalde dei som var der. Bekken var skitten, og det var korkje fisk eller liv der, fortel assisterande fylkesmiljøvernsjef Marit Bendixen.

Vurderer å melde til politiet

Naboane ser alvorleg på situasjonen som har hindra livet i bekken den siste månaden. No vil dei politimelde Ivar for brot på avfallsforskrifta.

– Dette er selskapet som gjev oss drikkevatnet vårt og tek imot matavfallet vårt. Me skal kunne stole på at dei ikkje skadar miljøet, seier Ernst Malmin.

Ivar er eigd av Stavanger og tolv av kommunane rundt.

Ernst Malmin

Malmin fortvilar over at fiskelivet i bekken har forsvunne. – Dette er éin av to gytebekkar i Lutsivatnet, og livsnerven for vassdraget. Det er alvorleg at dette skadar fisken, og dermed òg heile økosystemet i området, seier han.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Fylkesmannen skal no be Ivar forklare korleis utsleppet kunne skje. Også dei vurderer å melde saka til politiet.

– Først må me sjå på om dette er noko Ivar burde visst om, og forsøkt å hindre. Førebels ser tiltaka greie ut – så lenge dei blir gjennomførte, seier Marit Bendixen.

– Slikt skal ikkje skje

Ifølgje Ivar hadde dei håpa å etter kvart kunne nytte komposten til næring. På grunn av plastinnhaldet skulle det berre lagrast mellombels.

Audun Roalkvam

Audun Roalkvam, avdelingsleiar for gjenvinning i Ivar IKS.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Dette var ei mellombels løysing som haldt på litt for lenge. Det er mogleg me kunne gjort noko med det før, for slikt skal ikkje skje, seier Audun Roalkvam, avdelingsleiar for gjenvinning i Ivar.

Prøvar av vatnet visar høg forureining av organisk stoff – langt over gjennomsnittet for området. To basseng skulle ha fanga opp næringsstoff, men det skjedde ikkje.

– Med det kraftige regnet har dei nok ikkje klart å halde unna, forklarer Roalkvam.

Avrenningsbasseng IVAR

Dette bassenget skulle ha reinska ut næringsstoff før dei trefte bekken.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ivar har allereie byrja å jobbe med tiltaka, og held på å fjerne det forureina vatnet frå bekken.