Hopp til innhold

KOLLISJON VED BRÅSTEIN:

Klokka 12.35 fekk politiet melding om ein kollisjon ved Bråstein på E39. - Ein bil har køyrt inn i hekken på den andre, fortel operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt, Egil Karlsen. Han kjenner ikkje til om det er mykje trafikk på staden, men tauebil skal vera på veg. Ingen skal ha kome alvorleg til skade i uhellet.