Hopp til innhold

Kollektivselskapa fryktar varig nedgang i passasjertala

Ein rapport slår fast at det blir færre passasjerar på buss, båt og bane i Noreg, også etter at koronapandemien er over.

Arvid Håheim, Stavanger, brukar maske på bussen

Arvid Håheim frå Strand kommune, reiser mindre med buss enn tidlegare.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg brukar nok buss sjeldnare enn før koronapandemien byrja, seier Arvid Håheim.

Han har ein son i Stavanger, og før tok han gjerne bussen for å besøke han.

– Nå brukar eg oftast bilen, slår Håheim fast.

Og han er ikkje åleine.

Nasjonal trend

I Kristiansand, Stavanger, Bergen og Trondheim, har passasjertalet på buss og bane gått ned med om lag 30 prosent sidan mars.

Det stadfestar Odd Aksland, direktør i mobilitetselskapet Kolumbus i Rogaland. Han er også styremedlem i Norsk Kollektivtrafikkforeining.

I Oslo er nedgangen endå større, nærare 50 prosent.

– Folk har fått nye vanar. Dei sit meir på heimekontor og deltar meir på fjernundervisning, seier Odd Aksland.

Mange brukar bil

I tillegg har mange gått tilbake til personbilen, medan andre har erstatta kollektive framkomstmiddel med sykkel og gonge.

Direktør Odd Aksland i Kolumbus

Odd Aksland i Kolumbus er ein av mange direktørar for kollektivselskap som lurer på korleis dei skal få passasjerane tilbake.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Tidlegare i år fekk kollektivselskapa her i landet ein rapport dei hadde bestilt frå Urbanet Analyse. Spørsmålet dei ville ha svar på var om nedgangen i passasjertalet etter 12. mars kom til å bli varig.

Svaret var ja.

Og anslaget var på minus 15 til 20 prosent på buss, båt og bane, sjølv etter at vaksinen har ordna opp med koronasmitten.

Jobbar godt på heimekontor

Susanne Nordbakke forskar på koronakonsekvensar for Transportøkonomisk Institutt, og deler mange av synspunkta til Aksland i Kolumbus.

– 30 prosent av dei som reiser kollektivt, oppgir at dei er like effektive på heimekontoret, som på jobbkontoret, viser forskinga til Nordbakke.

Susanne Nordbakke, forskingsleiar i Transportøkonomisk Institutt

Susanne Nordbakke i TØI forskar blant anna på nordmenn som er på heimekontor.

Foto: Svein Erik Dahl / Svein Erik Dahl

Det er ei av årsakene til at ikkje alle passasjerane kjem tilbake, seier ho. I tillegg er det fleire passasjerar som ikkje lenger vil godta å stå som sild i tønne på buss og bane i rushtida.

– Smitteangsten vil truleg sitja i ei god stund framover, seier Nordbakke.

Har funne alternativ til buss

Helena Phan kjenner på frykta for å bli smitta. Til vanleg er ho student i Trondheim. For tida er ho heime hos familien i Stavanger.

Ho er ein av dei passasjerane som ikkje kjem til å kjøpa billett så ofte som før.

Helena Pham, busspassasjer Stavanger

Helena Phan har funne nye måtar å reise på, i fritida.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Når eg må på jobb, då brukar eg buss. Men eg har funne andre transportmåtar på fritida, seier ho.

Tenkjer nytt

I desse dagar kjem kollektivselskap i heile landet med innspel til korleis dei skal vinna tilbake flest mogeleg av passasjerane.

Odd Aksland i Kolumbus er forsiktig med å røpa for mykje. Arbeidet er i ein tidleg fase, men litt kan han seie.

– Bysyklar og bildelingsordning er noko me skal satsa kraftig på, slår han fast.

elsykler i Ski kommune

Fleire tidlegare busspassasjerar kan gå over til elsyklar.

Foto: Ski kommune