Hopp til innhold

Kollektivkrøll: Fryktar at opninga av det nye sjukehuset til 11 milliardar må bli utsett

Det nye sjukehuset i Stavanger skal etter planen opne i 2024. Men det er ikkje sett av ei einaste krone i statsbudsjettet til ein viktig kollektivakse. Nå kan opninga bli utsett.

Nye SUS

Bygginga av sjukehuset er i full gang på Ullandhaug. Nå kan manglande midlar til kollektivtraseen i verste fall føre til utsett opning.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– At ein faktisk ikkje har infrastrukturen på plass vil vere trugande for opninga av sjukehuset, seier hovudtillitsvalt for Stavanger universitetssjukehus (SUS) Egil Olsen.

Det blir bygd nytt sjukehus i Stavanger, der første byggetrinn skal stå klart i 2024.

3700 tilsette skal etter planen inn her når det opnar, men det er berre lagt opp til 700 parkeringsplassar for desse.

Det betyr at mange tilsette må komme seg hit på andre måtar enn bil.

Ein del av løysinga på det skal eigentleg vere ein ny kollektivtrasé mellom togstasjonen i bydelen Jåttå i Stavanger og det nye sjukehuset.

Her er det planlagt at den nye kollektivaksen til Stavanger Universitetssykehus (SUS) skal gå.

Her er det planlagt at den nye kollektivaksen til Stavanger universitetssjukehus (SUS) skal gå.

Traseen skal etter planen ha byggestart i oktober 2022, og vere ferdigstilt i desember 2024. Dette er ein del av Bymiljøpakken, og skal i utgangspunktet vere 100 prosent statleg finansiert.

Det er berre eit problem.

I statsbudsjettet for 2022 er det ikkje sett av ei einaste krone til prosjektet.

Har forplikta seg til støtte

Det var staten i si tid som bestemte at nye SUS skulle byggast på Ullandhaug.

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap) er svært overraska over at staten ikkje har sett av dei midlane dei har forplikta seg til via Bymiljøpakken.

– Dette var ein avtale mellom lokale, regionale og nasjonale myndigheiter. Kva som har skjedd her er litt uklart, seier Chesak.

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak

Fylkesordførar Marianne Chesak påpeiker at kollektivtraseen er eit rekkefølgekrav, og at det var staten sjølv som bestemte plasseringa av sjukehuset.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Overraskinga var stor då ho høyrde det var ei usemje om tolkinga av avtalen som ligg til grunn for at pengane ikkje er i statsbudsjettet.

– Det reagerer eg sterkt på. Me har signert avtalen for snart to år sidan, og det har ikkje blitt tatt opp som eit tema før at det skulle vere misforståingar eller ulike tolkingar om kor midlane skulle komme frå.

Men fylkesordføraren er heilt klar på at kollektivaksen skal på plass.

– Me vil ikkje få eit velfungerande sjukehus utan. Dette skal også vere veg for utrykkingskøyretøy, så det er utruleg viktig at dette kjem på plass, seier Chesak.

Nye SUS

Nye Stavanger universitetssjukehus vil bestå av fleire bygg, med kollektivakse gjennom området.

Foto: Nordic Office of Architecture / Nye SUS

Vart ikkje prioritert

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier at det ikkje har nådd opp i dei samla prioriteringane, og at det derfor ikkje er finansiert i statsbudsjettet.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på ferga

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier han ikkje har heilt oversikt over situasjonen, då prosessen starta før han vart statsråd. Men han har tru på ei opning av sjukehuset i 2024.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen, NRK

– Det har vore eit ulikt syn på korleis avtalen er å forstå. Det er ein situasjon der lokale partar ventar at pengane er på plass, og det er dei ikkje. Ingen på Stortinget har foreslått dette og heller ikkje føregåande eller nåverande regjering, seier han.

Han trur ikkje prosjektet er blitt gløymt, men at det berre ikkje har kome opp i prioriteringssituasjonar.

– Men dette er grunnlag for å setje oss ned saman og prate meir. Me er interessert i å finne løysingar, og det blir eit møte med fylkeskommunen i neste veke.

Fryktar for rekrutteringa

Hovudtillitsvalt Olsen seier det er heilt avgjerande at regjeringa finn plass til midlane i statsbudsjettet for 2022.

– 3000 menneske vil vere avhengige av å komme seg til sitt daglege arbeid, utan at ein har eit tilfredsstillande kollektivtilbod, seier han.

Han påpeiker òg at det er mange unge tilsette ved nye SUS som vil ha utfordringar med barn som skal bli henta og levert på skule og i barnehage, og fryktar dette vil gå ut over rekrutteringa til sjukehuset.

Egil Olsen, hovedtillitsvalgt SUS

Egil Olsen, hovudtillitsvalt for SUS, fryktar for opninga av sjukehuset dersom midlane ikkje kjem på plass i statsbudsjettet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Søkjarar på stillingar ved sjukehuset vil få beskjed om at det ikkje er parkering, og at kollektivtilbodet ikkje er bra. Det trur eg vil gje ei utfordring med rekruttering, seier han.

Chesak er einig med Olsen, og fryktar også at den manglande finansieringa kan utsetje sjukehus-opninga.