NRK Meny
Normal

Kuttar gift – koker ugras

Stavanger kommune drep ugras med damp for betre miljø. Nå vil også vegvesenet i Rogaland kutta plantevernmiddel, og set i gang eit grønt forskingsprosjekt.

Dampar ugras

Anleggsgartnar Espen Salvesen i Stavanger kommune til åtak på ugraset med damp som drapsvåpen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Dette er miljøvenleg, og me meiner det er bra viss ungane ikkje treng å vera redde for ta i jord og planter. Me får mange fleire humler, bier og sommarfuglar, og det er bra for alle, seier leiaren for parkseksjonen i Park og veg i Stavanger, Felicitas Heimann.

Kommunen som tidlegare brukte sprøytemiddel for å halda byen velstelt, går nå for

Stavanger kommune kuttar plantevernmiddel

Vil gjera byen grønare: Driftsleiar i Stavanger Natur og Idrettservice, Jone Halvorsen som utfører kokinga på oppdrag frå kommunen, og leiar for parkseksjonen i Park og veg i Stavanger, Felicitas Heimann.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

alternative metodar. Og det grøne tankesettet spreier seg.

Vegvesenet vil testa nye metodar

– Miljø er jo i vinden, så me har nå eit større fokus på det me òg, seier Truls Kolnes, prosjektleiar for drift og vedlikehald i vegvesenet.

– Me ser jo at om me kan unngå å bruka plantevernmiddel og heller bruka andre metodar så vil me prøva det.

Så langt har dei brukt tradisjonelle metodar og sprøytemiddel, men frå hausten av set også vegvesenet opp dampen.

Inspirert av kommunen

– Me har jo sett til Stavanger kommune og spurt etter deira erfaringar. Dei har nok vore ein liten inspirasjon i samanheng med at me nå prøver dette. Nå vil me vurdera kostnadar opp mot metode, og sjå om me kan finna noko som er like godt som plantevernmiddel.

Kolnes og kollegaene set i gang med eit 5-årig forskingsprosjekt frå hausten av,

Truls Kolnes

Kolnes har vore i samtalar med kommunen, og tek inspirasjon av deira erfaringar.

Foto: Anders Fehn / NRK

for å kartlegga dei snillaste og billigaste metodane for å halda kustus på kratt og ukrut.

– Målet er å finna metodar som ikkje kostar samfunnet for mykje pengar, men som likevel gjer at me kan sleppa å bruka plantevernmiddel framover.

Må tola meir ugras

– Håp og mål er at me skal få ein fin og ryddig by på ein miljøvenleg måte. Det betyr ikkje at det skal vera ugrasfritt over alt, for det kan me ikkje lova, understrekar Felicitas Heimann

Koker ugras med damp

Vatn på 97 grader skal ta knekken på ugraset, men det må gjerast oftare enn 'vanleg' sprøyting.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

For dei nye metodane er ikkje fullt så effektive som gift, og me kan måtta leva med litt meir ugras. Men det bør ikkje vera eit problem meiner Heimann.

– Det er jo mykje ugras som blomstrar fint òg. Løvetann for eksempel, ungane er glad i løvetann, og mange andre blomar også. Det er ikkje alt som er negativt med ugras!