Hopp til innhold

Køfrie vegar eller nysatsing på oljå?

Arbeidarpartiet meiner køfrie vegar og billegare hus er vegen å gå for å stimulera næringslivet i regionen. Høgre vil satsa vidare på oljen, og 10.000 nye arbeidsplassar på fem år er blant løfta.

Christine Sagen Helgø og Cecilie Bjelland

KVEN VINN STAVANGER? Høgreordførar Christine Sagen Helgø (t.v.) og Cecilie Bjelland (Ap).

Foto: Anders Fehn / NRK

Vallogo

Tysdag kveld møttest Cecilie Bjelland frå Arbeidarpartiet og Christine Sagen Helgø frå Høgre til næringslivsdebatt i Stavanger. Det skjer i ein situasjon der arbeidsløysa aukar i vår region og der oljeprisen og børsen går jamt og trutt nedover.

Dette var det viktigaste dei sa i ordførarduellen:

Køfrie vegar vs. olje

Cecilie Bjelland, (Ap):
– Me har spurt næringslivet kva som er viktig for dei. Dei har svart er «Vær så snill, få slutt på køane. Få arbeidstakarane fram og tilbake til jobb, og sørg for at me får varene våre». Nå bygger me bussveg 2020, og det å få til ei haldningsendring, blant anna med gratis buss for å få folk til å bruka kollektivtrafikken, er eit viktig tiltak, sa Cecilie Bjelland (Ap).

Christine Sagen Helgø (H):
– Me skal leggja til rette for 10.000 nye arbeidsplassar innan 2020. Då må me ta utgangspunkt i den næringa me skal leva av her i 50 år til, nemleg oljenæringa. Me må vidareutvikla dei næringane me kan med utspring i oljenæringa, i tillegg må me leggja til rette for nye næringar. Me må sørgja for at dei nye næringane har gode rammevilkår, sa ordførar Sagen Helgø (H)

Næringslivsdebatt Nord-Jæren

Frå venstre: Thor Magne Seland (H) – ordførarkandidat Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp) – varaordførar Sandnes, Simon Næsse (Ap) – fylkesvaraordførarkandidat, Janne Johnsen (H) – fylkesordførar, Christine Sagen Helgø (H) – ordførar Stavanger, Cecilie Bjelland (Ap)- ordførarkandidat Stavanger.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Må spela på det me er best på

Og på det svaret frå Sagen Helgø, svara Bjelland med at «her er det ingenting nytt». Ho meiner løysinga er å få vekk køane, få å nok bustadar slik at folk har råd til å bu i denne regionen og få ein meir effektiv kommune. Slik parerte Sagen Helgø den:

– Me er best i Noreg på næringsliv. Me må ta utgangspunkt i det næringslivet me har, og så må me bli endå betre, sa ordføraren.

Korleis skal du gjera det endå betre i ein situasjon der oljenæringa er på veg nedover?

– Betre rammevilkår for dei nye ideane, dei nye gründerane og dei nye moglegheitene. Det å sørgja for at nye verksemder opplever at me er ein kommune som spør kva me kan gjera for dei, slik me alltid har gjort i denne regionen, sa Sagen Helgø.

– Meir handling, mindre prat

Cecilie Bjelland etterlyser meir handling, mindre prat.

– Me har stukke fingeren i jorda og sett at me tapar tusenvis av arbeidsplassar i denne regionen. Når Høgre har styrt i 20 år, så må me kanskje gjera ting annleis, sa Bjelland.

– Me i Høgre har god tradisjon på å vera med på store omstillingsprosessar. Det har me gjort før i denne regionen, og det skal me gjera på nytt. Me skal leggja til rette for 10.000 nye arbeidsplassar i denne regionen, og det kan folk stola på at me gjer, avslutta ordførar Sagen Helgø (H).