Hopp til innhold

Kø av folk på whisky-jakt

Klokka halv åtte i dag tidleg sto det om lag 50 personar i kø utanfor Kvadrat handlesenter i Sandnes. Dei er alle ute etter å sikre seg ei av dei til saman 300 flaskene med whisky produsert av Berentsens brygghus i Egersund. Kvar flaske kostar 1700 kroner, men dette er ein samlewhisky som kan stige i verdi, seier ein av dei tidleg frammøtte til Sandnesposten.

Kø av kundar som ventar på at polet på Kvadrat skal opne salet av whisky frå Egersund
Foto: Even Hægstad