NRK Meny

KNUSTE RUTER I HAUGESUND SENTRUM:

I løpet av natta har politiet fått melding om tre knuste butikkruter i Haugesund sentrum. Det er frisørsalongen i Sørhauggata, museet i Skåregata og eit firma i Strandgata, som har hatt vandalar på vitjing. Førebels er det berre i Strandgata det er meldt om tjuveri i samanheng med dei knuste rutene. Politiet har ingen mistenkte i saka, og er takksame for tips.