Hopp til innhold

Knuste buss-skur for 50 000

Tre buss-skur på ei mindre enn ein kilometer lang strekning blei knuste i Randaberg sist helg. Men slikt hærverk går faktisk ned i Sør-Rogaland. I nord derimot, aukar det.

Knust buss-skur på Harestadvegen i Randaberg

Tre buss-skur på rad blei knuste natt til laurdag den femte februar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det kostar om lag 4000 kroner å skifte ei rute, og det er vanlegvis fire til seks slike ruter i kvart buss-skur.

Rune Ølberg, operativ sjef i JCDecaux i Stavanger

Rune Ølberg, operativ sjef i JCDecaux i Stavanger.

Foto: JCDecaux

Dette fortel Rune Ølberg som er operativ sjef i JCDecaux i Sør-Rogaland. Han ser tilbake på nok ei helg der nokon har knust fleire av buss-skura som bedrifta har ansvaret for.

– Enten slår dei med noko hardt på rutene, eller også brukar dei skytevåpen, fortel han.

Ikkje alle rutene var knuste i to av buss-skura, slik at prisen på hærverket denne gongen kjem opp i om lag 50 000 kroner.

Fleire i nord, færre i sør

Trass i knusinga på Harestadvegen i Randaberg, så går utviklinga i positiv retning. I 2014 skifta JCDecaux ut 169 glas i buss-skura i Sør-Rogaland. I fjor var talet nede i 141.

I Nord-Rogaland derimot har det vore ei auke i hærverket. 24 knuste ruter i 2014, 29 i 2015.

Få tilfelle oppklart

All glasknusing blir meldt til politiet frå JCDecaux si side. Oppklaringsprosenten er derimot ikkje imponerande.

Knust buss-skur på Harestadvegen i Randaberg, femte mars 2015

Ingen passasjerar venta på bussen i dette buss-skuret, laurdag føremiddag.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er berre i Sør-Rogaland, der gjerningspersonen blei observert på staden, at det har ført fram til oppklaring, skriv JCDecaux i årsrapporten for 2015.

Her blir flest buss-skur knuste

Stavanger kommune: Hundvåg-Revheimsveien/Sunde/Kvernevik-Madlaveien- Madlamarkveien-fv44-Dusavikveien-Boganesveien.

Sandnes kommune: Forussletta-Austråttbakken-Ålgårdsveien-fv44-E39-Kvernelandsveien-Lutsiveien.

Sola kommune: Grannessletta-Nesbuveien-Kleppveien-Tanangerområdet.

Klepp kommune: Jærvegen

Time kommune: Kvernelandsveien-Bygdaveien-Lyefjell

Haugesund kommune: Austerheimsvegen-Karmsundsgata-Fjellvegen-Salhusvegen-Haukelivegen-Skeisvollvegen.

Karmøy kommune: Avaldsnesveien-Vestre Karmøyveg-Karmøyvegen,