Hopp til innhold

Sp-brakval sette valekspert ut av spel

Senterpartiet har teke ein knusande siger i den tidlegare Ap-bastionen Sauda. Tala var så overveldande at NRK Rogaland sin valekspert først ikkje torde gå ut med dei.

Senterpartiet går mot flertall i Sauda. Ingvald Normark forklarer hvorfor.

NRK Rogaland sin valekspert, Ingvald Nordmark, om valet i Sauda.

Vallogo

– Me har hatt desse tala ei lita stund nå, men har rett og slett vore redde for at det kunne vera feil. Nå trur eg likevel at me berre må gå ut med dei, sa NRK Rogaland sin valekspert, Ingvald Nordmark, om tala frå Sauda under direktesendinga frå valet i kveld.

Og når alle stemmene nå er talde opp står Senterpartiet med 44,7 prosent i Sauda, noko som er ein oppgang på heile 36,1 prosent. Dette er historisk sett svært oppsiktsvekkjande tal i industrikommunen der Arbeidarpartiet tidlegare har stått støtt som fjell.

Rokka ved legevakta

– Me fekk ei lita åtvaring om at ting kunne vera på gang i ei måling som blei presentert i avisa Ryfylke førre veke, men desse tala er svært oppsiktsvekkjande, held Nordmark fram.

Asbjørn Birkeland

Asbjørn Birkeland er ny ordførar i Sauda.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Han trur det er spørsmålet om legevakt i kommunen som har gjort at veljarane har snudd ryggen til Ap.

– Dei prøvde nemleg å få til eit samarbeid mellom Etne, Sauda og Suldal. Der skulle ein leggja ei felles legevakt på Ølen. Etter ein demonstrasjon i gatene i Sauda endra Sauda Arbeidarparti meining. Det kan nok vera det som har slått ut, seier han.

– Jubelen står i taket

Den nye ordføraren heiter Asbjørn Birkeland, og han er sjølvsagt nøgd.

– Her står jubelen i taket. Me har klart å stilla ei veldig bra liste i år, og med uroa som har vore rundt legevakta, er det nok ein del veljarar som har vore klare for å sjå seg rundt etter nye parti, seier Birkeland til NRK.

Høyr heile intervjuet med Birkeland her:

Senterpartiet ser ut til å gjøre et veldig godt valg i Sauda Kommune. Ordførerkandidat Asbjørn Birkeland har planene klare.

Asbjørn Birkeland og Senterpartiet står med heile ni av nitten kommunestyrerepresentantar i Sauda etter årets val.