Hopp til innhold

Knallhard batalje i DNB Arena

Både Stavanger Oilers og Frisk Asker la breisida til i den første finalekampen i NM i ishockey. Det var høgt tempo, harde taklingar og friske slagsmål ute på isflata i Stavanger. Og det måtte ein fjerde periode til for å kåra vinnaren.

Fleire spelarar og keeper ligg inne i det eine målet

Keeperen til Frisk Asker måtte kjempa med meir enn pucken for å halda buret reint.

Foto: Leo Kramer

Vinnaren av den første kampen blei Oilers. Mindre enn eitt minutt inn i sudden death, altså fjerde periode, skåra Dan Kissel 4–3 målet.

– Nå er det å nullstille seg til neste kamp, seier Oilerstrenar Pål Guldbrandsen.

Han meinte Oilers var best, men at dei blei straffa for nokre enkle forsvarsfeil, som må ryddast vekk framføre neste kamp.

Mark Van Guilder skårar 3-2 målet mot Frisk Asker i første finalekamp i NM 2017

Mark Van Guilder skårar 2–2 målet mot Frisk Asker i første finalekamp i NM 2017.

Foto: Leo Kramer

Toppskårar Mark Van Guilder i Oilers er førebudd på endå hardare motstand når laget skal til Asker på måndag.

– Me må løfte oss kraftig for å kunne vinne også den kampen seier han, som er godt nøgd med å laga eit mål i kveldens kamp.

Slik var kampen

Bortelaget kom utan tvil best i gang. Etter første periode leia Frisk Asker 0-1, etter skåring av Fredrik Lystad Jacobsen.

Andre periode var berre fire-fem minutt gammal då Frisk Asker går opp til 0–2 leiing. Denne gongen er det Ryan Hayes som skårar for Askerlaget.

Kjemping om pucken i første finalekamp mellom Stavanger Oilers og Frisk Asker

Kjemping om pucken i første finalekamp i DNB Arena.

Foto: Leo Kramer

Skåringa blir godkjent først etter at dommarane såg situasjonen ein gong til på video.

Midtvegs ut i andre periode slår Oilers brått tilbake. Først blei det 1–2 ved Spencer Humphries. Og mest før publikum hadde fått sett seg ned etter applausen var det tid for utlikning. Den blei kreditert storskåraren til Oilers, Mark Van Guilder. Det står 2–2 i kampen.

Fleire spelarar frå Oilers og Frisk Asker i slåsskamp på isen i første finalekamp

Spelarane var med jamne mellomrom blanda inn i slåstkampar på isen under den første finalekampen.

Foto: Leo Kramer

Nokre minutt ut i tredje periode, slo den tidlegare NHL-proffen, Eric Nystrom til for Oilers og det sto 3–2 i nokre få minutt. Så kontra Frisk Asker og utlikna igjen til 3–3 ved Nick Pageau.

Harde tak

Mot slutten av andre periode blei Oilersspelaren Mark Van Guilder takla av Petter Kristiansen frå motstandarlaget.

Van Guilder kolliderte med Frisk Asker sin keeper, som følge av taklinga og keeper Nicklas Dahlberg måtte gå av banen med det som kan ha vore ei hjerneristing.

Slåsskamp mellom Oilers og Frisk Asker

Situasjonen frå andre periode der Oilersspelar Van Guilder blir takla inn i Frisk Asker-keeper Dahlberg. Dahlberg blir skada og Petter Kristiansen frå Frisk Asker får ti minuttars utvising.

Foto: Leo Kramer

Frisk Asker-spelaren fekk 10 minutt utvising for usportsleg oppførsel etter den episoden.

Gjekk til fjerde periode

Ingen av laga klarte å avgjera kampen innanfor normal speletid. Derfor blei det ein fjerde periode der det laget som skårar det første målet vinn kampen.

Den bragda var det Dan Kissel og Stavanger Oilers som sto for. Dermed har laget ei 1–0 leiing i kampar over Frisk Asker. Det laget som først vinn fire oppgjer, stikk av med kongepokalen, eller "byttå" som den heiter på stavangersk.