Hopp til innhold

Klomsæt stiller til avhøyr

Advokat Sigurd Klomsæt stadfestar at han har nye opplysningar som kan frikjenne Dan Pettersen.  Politiet skal få vite alt, seier han.

advokat Sigurd Klomsæt

Politiet har bestemt seg for å kalla inn advokat Sigurd Klomsæt til avhøyr.  Det skjer etter at Klomsæt har sendt ein fax til Nokas-dømte Dan Pettersen frå Sandnes. Der skriv Klomsæt at han har fått nye opplysningar som kan bidra til å frikjenne Pettersen i ankesaka.

- Kva dei opplysningane går ut på skal eg fortelje til politiet i avhøyr, seier Klomsæt.  Han vil heller ikkje seie kven som har gitt han opplysningane.

Klientfisking

Klomsæt avviser at han spekulerar i å overta Pettersen som klient, og at det er bakgrunnen for at han har sendt denne faxen til Pettersen.

- Det er blitt slik i denne bransjen at det er ein del drittsekker som ikkje vågar å stå fram og som spreier slike rykte, seier Klomsæt.

Heller ikkje Brynjar Meling, som er Pettersen sin advokat, ønskjer å spekulera i kva som kan vera baktanken til Klomsæt.

- Det viktige er at det kjem fram informasjon som kan støtta min klient,og min klient har heile vegen sagt at han er uskuldig i Nokas-ranet, seier Meling.