NRK Meny
Normal

– Kortare og kraftigare regn i framtida

Mykje meir intens nedbør og meir flaum – det er framtidsprognosane frå den nye klimarapporten for Rogaland.

Bjerkreim etter Synne

SYNNE: Slik såg det ut i Bjerkreim då ekstremvêret «Synne» hadde herja ferdig i desember i 2015.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Det har vore vått og grått – både for bilar og folk i Stavanger i dag. Men våtare og villare skal det bli i framtida, ifølge den nye klimarapporten «Klimaprofil Rogaland», som dei frammøtte på Klimakonferansen 2017 i Stavanger fekk servert smakebitar frå onsdag.

Heile rapporten blir lagt fram 31. januar.

flombilde

Klimarapporten «Klimaprofil Rogaland» viser at dei korte og intense regnskylla som skaper overvassproblem bli 40 prosent kraftigare dei neste 80 åra.

Foto: Torstein Bøe / NTB Scanpix

– Det blir meir tropisk regn, som er veldig intenst slik at det vert urbanflaum og overvassproblem ganske raskt, seier Tonje Fjermestad Aase, rådgivar hos Fylkesmannen i Rogaland.

Ho viser til den tropiske stormen «Bertha» som la delar av Jæren under vatn i 2014. For det er slikt vêr me kan få meir av dei komande åra.

Kraftigare regn

Ifølge rapporten, som peikar på korleis klimaet kan utvikla seg fram mot år 2100 i Rogaland, kan dei korte og intense regnskylla som skaper overvassproblem bli 40 prosent kraftigare dei neste 80 åra.

– Det vil bøtte ned i nokre timar, og så blir det flaum, seier Fjermestad Aase.

Den nye klimarapporten viser også at det kan bli 15 prosent auke i den kraftige nedbøren, som altså aukar i intensiteten, og opp mot fire graders temperaturauke fram mot år 2100 i Rogaland.

Tidlegare målingar viser at nedbørsmengda i Norge har auka med over 18 prosent sidan 1900. Ein trend meteorologane meiner vil halda fram dersom utsleppet av klimagassar held fram.

Kajakkpadling i Bjerkreim

Ekstremvêret «Synne» er eit eksempel på vêr me kan få meir av i framtida.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Lokalt klimaarbeid viktig

Men det finst håp om å redusera dei varsla klimaendringane. Det avgjerande i så måte er å lukkast i det lokale klimaarbeidet, meiner direktør for Cicero Senter for klimaforsking, Kristin Halvorsen, som også var på klimakonferansen onsdag.

– Heile arealplanlegginga er utruleg viktig fordi me må tenka utover det å bytta ut bensin- og dieselbilar med elbilar, og tenke på korleis me kan redusera behovet for transport. Kommunane har mange vesentlege verkemiddel, seier Halvorsen.

I tillegg til transport, trekkjer ho fram bygg og jordbruk som andre utsleppskjelder.

Trur på auka klimainnsats

Dei aller fleste kommunar har klimaplanar i dag, og det finst offentlege støtteordningar kommunane kan søka på til klimatiltak. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa har stor tru på auka klimainnsats i kommunane i 2017.

– Slik eg tolkar det, er viljen veldig stor. Ein må gå saman lokalt for å diskutera kva som er mest aktuelt for den enkelte kommunen. Fylkesmannen i Rogaland skal bidra med råd og rettleiing. Eit konkret tiltak er risiko- og sårbarheitsanalyse. Det veit me er mangelfullt i nokre kommunar og veldig bra i andre, seier Meltveit Kleppa.

Gå til forsiden

Se bildene fra oversvømmelsene i Bjerkreim

Kajakkpadling i Vikeså

Se bildene fra oversvømmelsene i Bjerkreim

15 bilder