NRK Meny
Normal

Klepp vant

Kvinnelaget til Klepp vant 2-1 over Trondheims/Ørn laurdag ettermiddag.  Men det var såvidt det heldt for Jær-laget.

På overtid sette Lene Espedal inn 2-1 for Klepp, som spelte på heimebane i denne kampen. 

Ane Stangeland Horpestad
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Dette var første gang at Klepp har vunne over Trondheimsklubben i serien.

Det var Ane Stangeland Horpestad, som gav Klepp leiinga på eit straffespark i andre omgang.  Så utlikna Trondheims/Ørn i det 88. minutt før altså Lene Espedal skåra for Klepp på overtid.

 Lene Espedal og Ane Stangeland Horpestad er begge oppe i tre mål kvar i serien.  Det er likevel Marie Bakke som er toppskårar. Ho har sett inn fire ballar bak motstandaren sin keeper.

Til topps på tabellen

Klepp er nå oppe i 16 poeng og ligg på 2. plass på  eliteserietabellen for kvinnene.  Kolbotn toppar serien med 17 poeng.