I forrige kommunestyreperiode sa desse kommunane nei til eit slikt samarbeid, fordi dei meiner dette er ei statleg oppgåve. No tar Klepp KrF og Time SV saka opp i kommunestyra før sommarferien.
-Kommunane kan ikkje lenger venta på at Staten skal ta over, seier Michael Evans i Time SV som fremmar saka for kommunestyret i dag.
Dei andre kommunane på nord-Jæren betaler i dag for valdtektsmottaket. Dei ville ikkje venta til staten tok over, og no kan heller ikkje Klepp venta lengre, seier Livar Salte frå Kristeleg Folkeparti.
I dag får kvinner frå kommunane på nord-Jæren tilbod om undersøkingar og tekniske bevis vert sikra. Kvinner frå Klepp og Time har ikkje det same tilbodet, seier legevaktsjef Vigdis Torjussen. No håper ho at Klepp og Time seier ja til å vera med.