Hopp til innhold

– Dei tilsette har gjort ein kjempeinnsats

Arbeidarane på den eksplosjonsramma fabrikken Malm Orstad var allereie i gang med redningsarbeidet då ambulansane kom til staden. Kommunen har oppretta kriseteam for dei involverte.

Eksplosjon hos Malm Orstad, Voll i Klepp

EKSPLOSJON KLOKKA 10: Det er 105 tilsette i Malm Orstad as på Voll i Klepp. På eksplosjonstidspunktet var det inkludert besøkjande 108 personar inne i fabrikklokala.

Foto: Magnar Larsen

Anne Mari Braut Nese

HAR OPPRETTA KRISETEAM: Ordførar i Klepp kommune, Anne Mari Braut Nese, oppfordrar alle involverte i ulukka til å ta kontakt med kriseteamet som kommunen har oppretta.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Tilsette på fabrikken var allereie i gang med å bera kollegaer i tryggleik og tryggja ulukkesstaden då ambulanse, brannvesen og politi kom til den eksplosjonsramma fabrikken på Jæren måndag føremiddag.

Då redningsetatane kom til staden kunne dei berre ta over redningsarbeidet som allereie var i gang, får NRK opplyst frå mannskap i brannvesenet:

– I dag er det veldig mykje som har gått veldig bra, seier brannsjef Henry Ove Berg til NRK. Han viser til redningsarbeidet i samarbeid med kommunen som har oppretta kriseteam for dei involverte.

Menn mellom 20–60 år

Det var totalt seks personar som blei skadde i eksplosjonsulukka på fabrikken Malm Orstad på Voll i Klepp. Tre av desse er kritisk skadde og frakta til Bergen, medan tilstanden for ein er karakterisert som alvorleg.

Alle skadde er menn mellom 20–60 år. Haukeland Universitetssjukehus kjem tilbake med oppdatert informasjon om tilstanden deira klokka 18.

– Situasjonen er framleis alvorleg, men dei tilsette gjorde ein kjempeinnsats i redningsarbeidet. Etter det eg har fått fortalt gjorde dei alt slik dei skulle, seier kleppordførar Anne Mari Braut Nese.

Dei har nå oppretta eit kriseteam for dei som ønskjer å snakka om det som har skjedd:

– Eg vil tilrå alle involverte til å ta kontakt. Me vil også aktivt prøva å koma i kontakt med dei. Det kan vera greitt å få ein gjennomgang av det som har skjedd. Mange kjensler kan koma fram, seier Nese.

Tilfeldigvis hadde kommunen øvd på krisehandsaming førre fredag, og dei tilsette i kommunen hadde i dag øvinga friskt i minne fortel ordføraren til NRK.

Debrifing på Klepp

Oppsummeringsmøte på Klepp kommunehus med kommunen og redningsarbeidarar.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Kan vera snakk om gasseksplosjon

På det meste var det over 30 brannmenn på ulukkesstaden.

– Redningsmannskapet har jobba godt saman og koordineringa har vore bra, seier brannsjefen i Brannvesenet Sør-Rogaland, Henry Ove Berg.

Kva som gjekk gale då firmaet i Klepp skulle testa utstyr som kuttar ankerkjettingar er det framleis usikkert. Men ut ifrå omfanget av dagens ulukke kan det vera snakk om ein gasseksplosjon:

– Me veit at høgt trykk og ulike typar gass kan vera årsaka til eksplosjonar, men eg vil ikkje spekulera i kva som er årsaka i denne ulukka, seier Berg.

Ferdig med arbeidet på åstaden for dagen

Undersøkingsarbeidet på staden er førebels avslutta opplyser politiet. kriminalteknikarar vil halda fram i morgon.

Etterforskinga blir leia av Nordsjø- og miljøsektoren ved felles etterforskingseining i Rogaland politidistrikt.

Ulukka skal ha oppstått ved testinga av ein ny type kutteutstyr.

Flere nyheter fra Rogaland