Hopp til innhold

Klepp er med i toppen

Kvinnelaget til Klepp fortset den gode opninga av seriespelet dette året. Laurdag ettermiddag var det Stabæk som møtte overmakta på Jæren.

Created by InfoDispatcher

Klepp vann 2-1 over Stabæk i toppkampen i femte serierunde.

Klepp-jentene måtte grava djupt for å henga med i den absolutte toppstriden, men dei avgjorde til slutt kampen til sin fordel, 2-1.

Klepp - Stabær i Toppserien, 2-1

To gonger hadde Klepp-jentene god grunn til å feire mot Stabæk.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det var Stabæk som tok leiinga, men angriparen Hege Hansen på Klepp utlikna til 1-1. Då det gjekk mot slutten var det den islandske spissen, Kathrin Ásbjörndóttir, som avgjorde kampen og sørga for at dei tre poenga vart verande på Jæren.

Toppar Toppdivisjonen

Nå har Klepp inntatt toppen av toppserien for kvinner, med 13 poeng på fem kampar. Lillestrøm har rett nok berre eitt poeng mindre og dei har også ein kamp mindre spelt. LSK møter Avaldsnes på Karmøy seinare i ettermiddag.

Det var kamp mellom nummer to og nummer tre på tabellen på Klepp stadion, laurdag ettermiddag. Klepp hadde 10 poeng etter fire kampar og låg på andre plass på tabellen. Stabæk hadde samla med seg sju poeng.