Hopp til innhold

Klart for toppmøte

På onsdag skal politikarane i Forsand og Strand finne ut om dei kan samarbeide. Då blir det topp-møte på Lysefjordsenteret.

Lysefjordsenteret

Bordet er dekka for politikarane på Lysefjordsenteret

Onsdag kveld er det tid for ei felles samling mellom formannskaps-politikarane i Forsand og Strand.

- Det er altså ikkje eit formalisert felles formannskapsmøte me snakkar om, men ei samling der me skal sjå på kva me eventuelt kan samarbeida om.

Helge Steinsvåg

Helge Steinsvåg (Ap) Ordførar i Strand kommune

Foto: Arbeiderpartiet

Det seier ordførar i Strand, Helge Steinsvåg.

Fire område

Når politikarane samlar seg på Lysefjordsenteret i Forsand, så kjem fire administrative grupper til å leggje fram sine forslag til samarbeid.

Det gjeld "Felles legetenestar". Det er ikkje snakk om leggja ned legekontoret i Forsand, men det kan vera å klara seg med ein kommunelege.

"Felles plan og forvaltning". Byggesøknader kan koma til å behandlast på eitt felles kontor.

"Felles kulturavdelding". Ein kultursjef og ikkje to som i dag, kan bli resultatet.

"Felles næringsavdeling". Søknader om støtte til næringsverksemd, kan gå til behandling på ei avdeling som er felles for begge kommunane.

Politikarane avgjer

Strand-ordførar Helge Steinsvåg, ser fram til fellesmøtet, men han tar ingen ting på forskudd.

- Nå skal politikarane få høyre på forslaga som blir lagt fram og så får me sjå om dette er noko det kan bli enighet rundt, seier Steinsvåg.