Hopp til innhold

Klar for påsketrafikken

Mange legg ut på reise i påsken, derfor aukar NSB nå kapasiteten.

Passasjerer regiontog fra Porsgrunn mot Oslo

Mange nyttar seg av toget i påsken.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Dei store utfartsdagane i 2014 blir palmehelga 11. og 12. april, men også onsdag 16. april kan bli ein stor utfartsdag, seier konserndirektør i NSB Persontog, Tom Ingulstad.

Derfor aukar NSB kapasiteten med 10600 ekstraseter på påsketoga. Det er på regiontoga det blir fleire seter.

Sørlandsbanen får den minste auken i sete med 400 ekstra. Flest ekstraseter kjem på banane der du nærmast kan hoppa av i skiløypa. På Bergensbanen er det både ekstraseter og ekstra avgangar.