Hopp til innhold

Klaga på ferjetilbod: – Blei tilrådd å flytta

Både ordføraren og innbyggjarar på Utsira er svært misnøgde med reservebåten sin. – Du kan jo berre flytta, var beskjeden Egil Arne Skare fekk, då han klaga til kollektivselskapet Kolumbus.

Skare klagar på båttilbod

ISOLERT: Denne bilferja er einaste måten Egil Arne Skare og dei andre innbyggarane på Utsira kan koma seg til fastlandet på. Når den nå er på verkstad i tre veker blir ein mindre hurtigbåt sett inn.

Marte Eide Klovning, ordfører Utsira

Ordførar på Utsira, Marte Eide Klovning (Ap), er ikkje nøgd med reserveferja dei har. Ho opplever ofte at denne ikkje kan gå og at øya dermed er isolert.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Det er ikkje akseptabelt at me skal ha ein båt som ikkje toler Sira-fjorden, og som fører til at folk ikkje kjem seg på jobb, eller strandar på fastlandet, seier ordførar i Utsira, Marte Eide Klovning (Ap).

I dag er innbyggarane i øykommunen nok ein gong isolert. Årsaka er at hovudferja er på verkstad i tre veker, og hurtigbåten, som skal erstatta henne, ikkje kan gå på grunn av uvêr.

– Det er helst berre i storm at ferja ikkje går, denne båten toler ikkje meir enn 2,5 meter høge bølgjer, og blir derfor veldig fort innstilt. Her ute er det heilt normalt med høge bølgjer seier Eide Klovning.

Utsira

Bytter robust ferje med hurtigbåt

Ein av dei som ikkje kjem seg på jobb når sjøen blir for tøff for reservebåten M/S Røværfjord er Egil Arne Skare, som har kontor i Haugesund.

– Eg får ein veldig uforutsigbar arbeidssituasjon med denne båten. I dag skulle eg teke fly til Møre og Romsdal, der me er i gang med å byggja ein båt, men eg kjem meg ikkje inn ut til Haugesund lufthamn, seier han.

Skare er innforstått med at han bur på ei vêrutsett øy, og har rigga seg til med heimekontor, for dagane med kraftig uvêr. Likevel meiner han at reserveløysinga til hovudferja burde vore meir robust.

Tilrådd å flytta

Då Skare ringde inn til Fylkeskommunen sitt kollektivselskap, Kolumbus, for å klaga blei han overraska av responsen.

– Viss eg ikkje var nøgd med reserveferja, kunne eg berre flytta, sa dei til meg, fortel Skare.

Han held fram, i ein spøkjefull tone:

– Eg kunne gjerne flytta, men med eit så dårleg rutetilbod er nok ikkje huset mitt verd nokon ting.

Litt meir alvorleg legg han til.

– Det er ingen som høyrer på oss, og det er frustrerande. Dessutan har eg ikkje lyst å flytta frå Utsira.

Ordføraren delar denne meininga, og kjem med krass kritikk til Kolumbus.

– Ein føler at det ikkje er forståing for at det bur to hundre personar her ute. Me har faktisk folk som pendlar kvar einaste dag, og dei må ringa til arbeidsgjevaren sin og sei at dei ikkje kan koma på jobb, og det er for dårleg om ein skal legga til rette for pendling her ute, seier ho og legg til at Kolumbus burde fått på plass eit betre alternativ.

Finn ikkje solide nok ferjer i Noreg

Odd Aksland

Odd Aksland er pressekontakt i Rogaland fylkeskommune sitt kollektivselskap Kolumbus.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Odd Aksland er pressekontakt i Kolumbus og forstår frustrasjonen til innbyggarane, men seier at hovudferja er spesialbygd for å tola hardt farvatn, og at det ikkje er enkelt å finna ei tilsvarande ferje som reserveferje.

– Av og til må hovudferja på verkstad, og det beste hadde sjølvsagt vore om me kunne setja inn ei tilsvarande ferje, men etter det eg kjenner til er det veldig vanskeleg å få fatt i, og noko me i alle fall ikkje kan få fatt i Noreg, seier han.

Derfor meiner han at M/ Røværjord er ei god løysing.

– Det går normalt sett veldig fint med denne, nå har det vore litt ruskevêr i det siste og me må ha respekt for at den ikkje kan gå, seier Aksland.

På spørsmål om kundebehandlinga av Skare seier han følgjande:

– Me kan ikkje blada oss opp i kor folk skal busetja seg, men når ein busett seg på ein slik stad har ein jo litt høgare terskel for å godta meir, enn me som bur på landjorda. Men Kolumbus har ingenting med kor folk bur, me er til for at me skal få eit bra rutetilbod til Utsira.