Hopp til innhold

– Kjøper julegåver for 50 000 kroner

Trass nedgangstider i olja, brukar ikkje folk mindre pengar på julegåver. På Apple-butikken på kjøpesenteret Kvadrat, kjøper folk Macer og iPhoner i julegåve til familien.

Tore Wick

Det er gode dagar for dei som sel Apple-produkt. Dagleg leiar Tore Wick seier at dei har selt for 5 millionar i iPhonar denne månaden.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Her har me årets bestseljar, det er jo iPhone 6, seier Tore Wick.

Han er dagleg leiar ved Apple-butikken Tell på kjøpesenteret Kvadrat i Rogaland, og han har gode dagar.

– I desember så har me selt for mellom 4 og 5 millionar berre i iPhone 6, seier han.

Men han trur han kunne ha selt for endå meir. For dei vart utselde for iPhone 6 for fleire dagar sidan, sjølv om telefonen kostar frå 6000 kroner og oppover.

– Det går gjerne to eller tre av dei i slengen, seier Wick.

– Kjøpar ein person to eller tre iPhonar?

– Ja, det kan godt vera. Så det er nok mange ungar, ektemenn og koner som får det til jul i år, seier han.

Gåver til 50 000 kroner

Men det finst dei som er villige til å bruke endå meir pengar enn det.

– Me har jo døme på folk som har kjøpt fem Macer til heile familien i julegåve.

Kor mykje kostar det?

– Då er du jo oppe i mellom 50 000 og 55 000 kroner, seier Wick.

Brukar meir pengar for kvart år

– Då dett eg litt i bakken. No er det riktig nok slik at finansane i dei fleste hushaldningar, og kanskje spesielt i Stavanger, er veldig bra, men det høyrdest veldig mykje ut, seier sjeføkonom i Norsk familieøkonomi, Reid Krohn Pettersen.

Men sjølv om ikkje alle brukar over 50 000 kroner på julegåver, så har ikkje nedgangstidene i oljebransjen, eller dei dystre utsiktene for norsk økonomi i 2015, fått oss til å bruke mindre pengar i jula, seier han.

Reid Krohn-Pettersen

Sjeføkonom i Norsk Familieøkonomi, Reid Krohn Pettersen.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Forbruksveksten har auka kvart år sidan finanskrisa. Og det aukar framleis når me ser på kvartalstala frå SSB. Og eg trur ikkje det vil minke, det vil ikkje minke før ein tek inn over seg at ein går litt mørkare tider i møte, seier Krohn Pettersen.

Kvifor brukar me meir pengar på julegåver?

– Fordi dei fleste av oss er positive og har eit håp om at dei vil halde oppe den lønna dei har, om ikkje betre, og at jobbsituasjonen ikkje vil endre seg, seier han.

– Verd pengane

Tilbake på Apple-butikken er det siste innspurt i julehandlinga.

– Eg har kjøpt to iPad mini til mine to jenter, seier Bjørghild Aasland, som er inne på Apple-butikken for å kjøpe tilleggsutstyr.

Ho innrømmer at det er dyre gåver, men meiner at det er verd det.

– Me satsar på at dette er noko som dei kan ha ei god stund, seier Aasland.

Og uansett vil nok mottakarane bli godt nøgde med dei sjenerøse gåvene, når dei blir pakka opp i kveld.

– Eg er veldig overbevist om det. Eg trur det blir vanskeleg å få dei til å legge dei ifrå seg, og få dei til å sjå på dei andre tinga dei får i kveld, seier ho.

Tell-butikken

Bjørghild Aasland handlar julegåver på Apple-butikken.

Foto: Kjersti Hetland / NRK