Det stadfestar både Ulf Skjæveland i firmaet Simex som driv vedlikehald av anlegget på hotellet og hotelldirektør Peter F. Holst.
Helmer Hovland som er eigedomssjef i Statoil er overraska over at det ikkje er teke vassprøvar i kjøletårnet på Atlandic Hotell.
I deira bygg på Forus har dei same kjøletårn som på Atlantic Hotel, og der vert det teke vassprøvar annakvar månad.
Simex som som står for vedlikehaldet ved Hotell Atlantic vil no krevja at det også der vert teke vassprøvar for å slå fast om det er bakteriar i vatnet.
Legionellaepidemien tok livet av fire menneske, og totalt vart 21 personar smitta i Stavanger.