NRK Meny
Normal

Enorm vekst i besøkstala til Kjerag

Sjølv om parkeringskapasiteten ved Kjerag skal doblast, vil den framleis vera sprengt på godvêrsdagar. Årsaka er unge utanlandske turistar som kjem i hopetal til attraksjonen.

Kjerag

KJERAG: Basehopparane kjem til Kjeragplatået (bilete) medan målet for fleire av dei som skal gå til fots ned att, er den kjende Kjerag-bolten.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB scanpix

kjerag

OBLIGATORISK BILETE: Dette er bilete dei fleste som går til Kjerag vil ha. Det første blei teke i 1990, og har ført til at Kjerag nå ventar 70.000 besøkande.

Foto: Sandra Lappegard / DNT
Audun Rake

Audun Rake er dagleg leiar i Lysefjorden utvikling.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Auken i tal på besøkande kan fort bli større enn auken som Preikestolen har, fortel Audun Rake, som er dagleg leiar i Lysefjorden utvikling.

Han snakkar om Lysefjorden sin nest største naturattraksjon Kjerag, som opplever ei formidabel auke i besøkstal. Så langt i år er auken 40 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Dersom utviklinga held fram vil årets besøkstal koma opp i 70.000, samanlikna med 50.000 i fjor.

Unge utlendingar

Mykje av den kraftige veksten som Kjerag opplever ligg truleg i at det er eit ungt turmål. Det er ikkje meir enn 25 år sidan det første bilete frå Kjeragbolten gjekk verda rundt. Til samanlikning er Preikestolen eit turmål som er meir enn 100 år.

– Me veit at Trolltunga opplever den same auken som Kjerag, og det er nok fordi det er relativt «nye» attraksjonar, seier Rake.

Turen til Kjerag er ein litt hardare tur enn turen til Preikestolen, i tillegg har Kjerag-platået status som ein bra stad for basehopparar. Snittalderen er derfor yngre for dei som går til Kjerag.

– Me ser at det er mykje unge utanlandske folk, og fleire av dei kjem langt vekke frå. Om lag halvparten er frå utanfor Europa. Mange frå Austen og mange frå Amerika, seier Rake.

Kø ved Kjerag

Når parkeringskapasiteten er sprengt stiller bilane seg opp langs vegen ved Ørneredet.

Foto: Henrik Lilleheim

Parkeringsproblem

Parkeringsplassen som er knytt til Kjerag tek 250 bilar, og den er full nesten kvar dag, til neste sesong skal den vera utvida med om lag 200 plassar. Men sjølv ikkje det blir mange nok på godvêrsdagar.

– Faktisk så har me dagar då det er meir enn 200 bilar parkert langs vegen. Men det er jo heller ikkje slik at me kan ha parkeringsplassar som er tilpassa ein kvar topp i besøkstal, seier han.

Parkeringskaos ved Kjerag

Fullt på parkeringsplassen.

Foto: Henrik Lilleheim