25. mai i år gjekk politiet i heile Norden til aksjon mot ei rekke personar for å avsløre barneporno. Eit av dei største beslaga vart gjort hos ein mann i 40-åra på Karmøy.
Politiadvokat Trond Jarle Bachmann seier politiet har beslaglagt 50 000 bilete på datamaskinen til karmøymannen og så langt er 11 000 av desse kategorisert som barneporno.
Mannen har erkjent delvis straffskuld.