Hopp til innhold

Kjem seg til syden trass streik

Fleirtalet av Norwegian sine norske flyreiser til og frå Gran Canaria er laurdag kansellerte. Star Tour har likevel funne andre måtar å frakta kundane sine til syden på.

Gran Canaria

Av 16 Norwegian sine ruter som går mellom Norge og Gran Canaria er 9 kansellerte i dag. Ingen ruter mellom Vestlandet og Gran Canaria går.

Foto: Herskedal, Kjell, Kjell Herskedal / SCANPIX

– Me har jobba frenetisk med å finna alternative flyløysingar, og me har fått det til. Så alle av Star Tour sine kundar kjem seg på ferie som planlagt, seier presseansvarleg i Star Tour, Mathias Bergendahl.

I dag tidleg blei det kjent at partane i flystreiken ikkje blei samde etter samtalar i natt, dermed held streiken blant Norwegian sine pilotar fram for fullt. Om lag 20.000 passasjerar blir i dag ramma.

Fleire kansellerte fly

Det er ikkje lenger berre innanlandsflygingane det går hardt utover. Også utanlandsfly er i dag kansellerte, og for dei som ønsker seg til varmare strok var det nok urovekkjande å sjå at alle Norwegian fly mellom Vestlandet og Gran Canaria er kansellerte, og nokre frå Oslo.

Samla er det 9 kansellerte fly mellom Norge og Gran Canaria i dag. Star Tour bruker Norwegian sine fly til å frakta passasjerane sine til syden.

– Me forstår at kundane får mange spørsmål når det er snakk om streik i Norwegian. Derfor har me hatt direktekontakt med kundane via SMS, og varsla dei umiddelbart etter me har fått i stand alternative løysingar, seier Mathias Bergendahl.

For dei som ikkje flyr gjennom reisebyrå kan det vera greitt å vera klar over at ein har ein del rettar når flyet blir kansellert og ferieturen går i vasken.