NRK Meny
Normal

Kjem på friarferd til Stavanger

Stoltenberg nøyer seg ikkje med å halda appell, han vil banka på dører...

Jens Stoltenberg
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Rogaland Arbeiderparti skal ha stand på Arneageren i Stavanger på laurdag. Klokka 11.00 kjem statsministeren for å halda appell.

- Samtidig vil Bjørn Eidsvåg spele musikk, så dette blir eit stort arrangement, seier fylkessekretær i Rogaland Arbeiderparti, Eirik AArek.

Roser til folket blir det og.

- Dei som møter opp kan risikera å få ei rose av Stoltenberg, og eg trur dei fleste vil lika det, seier Aarek.

Har du blomsterallergi og held deg heime, er det likevel sjans for at du får møta statsministeren.

- Før appellen vil Stoltenberg gå på nokre husbesøk, slik at han og får helsa på veljarar heime, seier Aarek.

Kan du tenka deg heimebesøk av statsministeren?