NRK Meny
Normal

Kjedekollisjon på motorvegen

Fire bilar var involverte i ein kjedekollisjon på E39, motorvegen i Stavanger tysdag morgon.

Ein av bilførarane klaga på smerter i nakken. Han vert sendt med ambulanse til sjukehuset.

Ulukka skjedde rett før klokka åtte i sørgåande retning ved påkøyringsfeltet på Åsen. Ein bil køyrde inni ein annan bakfrå, og bilane som kom bak greidde ikkje å stoppe.

Det var trafikkproblem og køar ein periode i samband med ulykka.