I påska vart sju kinesarar med japanske pass pågripne i Stavanger og Haugesund. Desse har sagt i avhøyr at hundre kinesarar var på veg til London via Rogaland.
Seks av dei sitt framleis i forvaring fengsel medan politiet ventar på papira deira. Ein som var for ung vart sendt til eit asylmottak, men stakk av derifrå og har forsvunne for politiet.
Ei kvinne som er tiltalt for menneskesmugling møter i Haugesund tingrett 14. og 15. august. Ho skal ha hjulpe tre kinesarar med ugyldige pass då dei prøvde å ta englandsbåten frå Haugesund i påska.