Hopp til innhold

– Her bør Kielland-senteret og litteraturhuset ligga

Kulturhussjef Marit Egaas i Sølvberget meiner Kielland-senteret og litteraturhuset bør ligga i Norges Bank-bygget i Stavanger.

Video Litteraturhus

Kielland-senteret og litteraturhuset kan bli lokalisert i det gamle Norge Bank-bygget i Stavanger sentrum.

Det har blitt jobba med å få på plass eit Kielland-senter sidan 1999, og det har lenge vore diskusjonar om kor det bør ligga.

Ifølgje innstillinga til kulturhussjef Egaas bør senteret ligga i det snart 50 år gamle Norge Bank-bygget midt i Stavanger sentrum.

– Eg trur både Kielland-senteret og litteraturhuset kan bli flott lokalisert her i Kulturbanken (Norges Bank-bygget), seier Egaas.

Marit Egaas

Kulturhussjef Marit Egaas.

Foto: Vibecke Skandsen / NRK

– Dette er eit praktbygg som treng innhald slik at folk bruker det, held ho fram.

Les også: Norges Bank-bygget blir Kulturbank

– Ikkje dyrt

– Treng Stavanger kommune nok eit dyrt prosjekt som dette når økonomien ikkje er på topp frå før?

– Dette er ikkje eit dyrt prosjekt. Dette blir eit litteraturhus som også er eit forfattarsenter og som samarbeidet med biblioteket. I tillegg blir det samarbeid med ein litteraturfestival og eit internasjonalt nettverk, seier Egaas.

Politisk vedtak i desember

Ifølgje Sølvberget vil det kosta omlag to millionar kroner i året å driva Kielland-senteret.

Sølvberget ønskjer uteservering og kafé utanfor Domkyrkjeplassen som ein del av huset.

Saka skal behandlast av styret 22. mai. Det endelege politiske vedtaket blir gjort i desember i år.