Hopp til innhold

Katrina (11) har sigra over kreften og kjempa seg tilbake på fotballbanen

I meir enn to og eit halvt år har elleve år gamle Katrina Risa kjempa mot kreften i kroppen hennar. Då ho endeleg blei frisk var det spesielt ein ting ho såg fram til.

I meir enn to og eit halvt år har elleve år gamle Katrina Risa kjempa mot kreften i kroppen hennar. Då ho endeleg blei frisk var det spesielt ein ting ho såg fram til.

FOTBALLTRENING: Avtalen Katrina Risa (11) hadde med landslagsspelar Maria Thorisdottir om ei fotballtrening gav den unge kreftsjuke jenta motivasjon då ting var vanskeleg. Nå er ho kreftfri, og endeleg kunne fotballtreninga finna stad.

Katrina Risa på trening med Maria Thorisdottir

– Eg skal bli dritgod! Eg skal dribla alle og scora mange mål, seier Katrina då ho trente saman med forbildet sitt. Her tek ho eit straffespark.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

For folk som gjekk forbi såg det nok ikkje ut som meir enn nokon som sparka litt ball ein fredagskveld på Klepp stadion, men for elleve år gamle Katrina Risa betydde denne vesle treningsøkta saman med Maria Thorisdottir så uendeleg mykje meir.

– Det har muntra meg veldig opp, og eg har gleda meg kjempemykje til å spela med henne, fortel den ivrige unge jenta, som er heilt oppglødd over å få spela fotball saman med sitt store forbilde.

Haldt lovnaden

Det var då Jærbladet første gong skreiv om den fotballglade jenta som hadde fått kreft, at Thorisdottir, som både spelar på Klepp og på landslaget, tok kontakt med henne og inviterte henne med på fotballkamp. I tillegg til ei signert landslagstrøye fekk Katrina også ein lovnad om at dei to skulle spela fotball saman når ho ein blei sterk nok i kroppen.

Ein lovnad som har betydd mykje for Katrina når ho har gått gjennom tallause sjukehusbesøk, behandlingar med cellegift og blodprøvar.

– Det har vore så utruleg viktig for motivasjonen hennar. Thorisdottir kom inn i livet til Katrina då ting var på sitt mørkaste, og då me trong henne mest. Eg blir rørt berre ved å tenka på det, fortel mor til Katrina, Anette Haver.

I november fekk endeleg familien meldinga om at Katrina var kreftfri. Og på fredag kjende Katrina seg sterk nok til å endeleg få Maria Thorisdottir til å innfri lovnaden sin.

Katrina er ein fotballglad 10-åring som kjempar mot kreftsjukdommen. Det gjer at fotballen er sett på vent. Men då Klepp-damene spelte avslutningskamp denne sesongen, fekk ho seg ei skikkeleg overrasking.

Sjå då Katrina og forbildet Maria Thorisdottir blei einige om å spela fotball saman ein dag.

– Eg skal bli dritgod

Katrina sine harde spark med venstrefoten, trikseferdigheiter og ambisjonsnivå imponerte den røynde fotballspelaren. Mest av alt er ho likevel imponert over måten ho har kjempa seg tilbake etter å ha vore så sjuk som ho har vore.

Maria Thorisdottir

Klepp- og landslagsspelar, Maria Thorisdottir, har vore ein viktig motivasjon for Katrina då ho var sjuk.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– At ho i dag er med på den treninga som eg lovde henne for halvanna år sidan er veldig stort. Det er ikkje mange som forstår kor tøft det er å kjempa seg gjennom noko slikt. At ho nå har vunne kampen mot kreften gjer at ho har livet framføre seg, seier ho.

Cellegifta har gjort at Katrina framleis ikkje er frisk nok til å vera med på fotballaget, eller spela fotball på skulen. Kor lang tid det vil ta før ho er tilbake i god form er framleis uvisst, men at ho skal tilbake er ho ikkje i tvil om.

– Eg skal bli dritgod! Eg skal dribla alle og scora mange mål, seier ho og ler.