Hopp til innhold

Flinkare til å treffa dunken - men søppelet flyt framleis

Dei som er ute på byen i helgene i Stavanger er blitt flinkare til å bruka dei nye søppeldunkane. Men forsøplingsproblemet i byen er på ingen måte løyst, ifølgje park- og vegavdelinga i kommunen.

Flere tusen mennesker etterlater seg enorme mengder søppel i Stavanger sentrum hver eneste helg. Nå etterlyser Stavanger natur- og idrettsservice en holdningsendring blant gjestene og serveringsstedene.

VIDEO: Slik såg det ut då NRK var i Vågen tidleg ein søndag morgon i august (arkiv).

Dersom du klikkar på videoen over ser du kva syn som møter søppelryddarane i Stavanger sentrum kvar laurdag og søndag morgon.

Eit hav av papir, beger, aluminiumsfolie og halvetne burgarar er dei synlege spora frå utelivet om natta.

Stavanger kommune bruker kvar helg mykje ressursar på å rydda opp etter dei som ikkje orkar å kasta kebabrestene i nærmaste søppeldunk.

10 ekstra søppeldunkar

Tidlegare i sommar etterlyste Stavanger natur- og idrettsservice ei haldningsendring blant gjestene og serveringsstadane i helgene.

Og Burger King etterlyste fleire bossdunkar, og fekk det som dei ville. Dei siste helgene har Stavanger kommune sett ut ti ekstra søppeldunkar på og rundt Torget.

Målet var at dei nye dunkane, i fluoriserande fargar, skulle gjera det lettare for byløvene å treffa blink i staden for å hiva søppelet på bakken.

– Det gjekk dårleg første helga me prøvde ut dette. Det var nesten ikkje søppel i dei nye dunkane, og me trengde ikkje eingong byta posar, seier Trygve Petter Nilsen i park- og vegavdelinga i Stavanger, til NRK.no.

Betring i det siste

Førre helg og natt til laurdag denne helga har folk tydelegvis fått auga opp for dei nye søppeldunkane.

– I det siste har dei blitt brukt såpass mykje at dei må tømmast. Men det er for tidleg å seia om me har gjort noko med haldningane til folk. Det ligg like mykje søppel på bakken nå som før, seier Nilsen.

Stavanger kommune kjem til å halda fram med å setja ut dei ekstra bossdunkane kvar fredag og laurdag kveld.

– Me evaluerer ordninga fortløpande og håpar me lukkast, seier Nilsen i park- og vegavdelinga i Stavanger kommune.