Hopp til innhold

Kommunen dukka opp heime og fekk ektemannen til å signere avtale

Avdøde John Georg Storesund takka nei til dagtilbod på sjukeheim. Dagen etter kom kommunen umeldt på døra og fekk han til å skrive under på tilbodet likevel.

Ragnhild Storesund - i sofaen

UMELDT: Ragnhild Storesund og hennar avdøde ektemannen John Georg Storesund var heime då kommunen kom umeldt på døra i fjor sommar.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

UMELDT: Ragnhild Storesund og hennar avdøde ektemannen John Georg Storesund var heime då kommunen kom umeldt på døra i fjor sommar.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ragnhild Storesund (87) stod på kjøkkenet heime i Karmøy då det plutseleg dukka opp to personar frå kommunen den 29. juli i fjor. I stova sat ektemannen John Georg Storesund (88).

Ho mista mannen sin i januar i år. Difor er det ho som fortel om det umeldte besøket.

– Eg forstod ingenting. Kva skal dei her? tenkte eg. Det var forferdeleg.

Dei to personane sa at dei var komne for å legge fram eit dagtilbod til ektemannen, og sette seg i stova.

– Det klarer han ikkje, sa eg til dei. Og då dei hadde dratt sa han at han ikkje ville gå, men han klarte ikkje å seie nei for dei snakka så mykje, fortel Storesund.

Men dette tilbodet hadde allereie dottera Vigdis Kvilhaug takka nei til på e-post dagen i førevegen, etter å ha drøfta det med far sin.

Han var tydeleg på at han ikkje orka.

Har kontakta advokat

Kvilhaug kom tilfeldigvis på besøk til foreldra då kommunen var der, men då hadde faren allereie skrive under.

– Dei møter opp umeldt til gamle sjuke folk. Det er overtramp. Vi har gitt beskjed om at dersom det skal vere kommunikasjon må dei kontakte oss pårørande. Mamma høyrer ikkje så godt, så ho får ikkje med seg alt, seier Kvilhaug.

Vigdis Kvilhaug

SJOKKERT: Vigdis Kvilhaug fekk sjokk då to personar frå kommunen sette i stova hos foreldra i fjor sommar. Nå har ho kontakta advokat.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ho tok kontakt med NRK om besøket etter at ho såg saka om Sverre Solli som også fekk umeldt besøk frå Karmøy kommune.

I begge tilfella kom det to personar frå leiinga i heimetenesta. Den eine personen var med begge gongene.

Kvilhaug og søsknene har kontakta advokat og kjem til å sende klage til kommunen på besøket gjennom advokaten sin.

Storesund gav sjølv beskjed til heimesjukepleiaren som kom om kvelden at han ikkje ønskte å dra på dagtilbod.

Dette går også fram i rapporten som heimetenesta har skrive etter besøket 29. juli. NRK har lese heimetenesterapportane for dagen besøket skjedde samt dagane før og etter.

Stelte mannen i over 20 år

John Georg Storesund var pleietrengande i mange år. For over 20 år sidan slutta kona i jobben for å stelle ektemannen sin.

Ragnhild Storesund - portrett nærbilde.

KUNNE BU HEIME: Vekselopphald på sjukeheim var god avlastning for Ragnhild Storesund, som stelte mannen frå han var 67 år gammal.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

I februar 2019 fekk han vekselopphald slik at han kunne vere to veker på sjukeheim og seks veker heime.

Dette blei viktig for kona. Då kunne ho hente seg inn samtidig som han kunne bu heime.

Så kom pandemien og tilbodet forsvann. Hausten 2020 fekk dei nytt tilbod. Denne gongen ei veke på sjukeheim og fem heime.

I ettertid har familien jobba for å betre vekselopphaldet.

Det var i denne prosessen dagtilbodet kom frå kommunen. Dei møtte opp på døra og fekk han til å skrive under på eit tilbod han ikkje ønskte – utan at familien var til stades, slik dei hadde bedt om å få vere.

Meiner kommunen har brote lova

Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt seier det er heilt legitimt at helsetenesta i ein kommune tar kontakt med ein tenestemottakar for å legge fram tenestetilbod.

Men når det er snakk om ein sterkt svekka og omsorgstrengande pasient, og der dei pårørande har hatt ein vesentleg del av omsorgsansvaret, har kommunen plikt til å informera og trekka desse inn i avgjerdsprosessen.

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt

LOVBROT: Familien skulle vore kontakta, meiner jusprofessor Jan Frithjof Bernt.

Foto: NRK

Han meiner Karmøy kommune har brote lova.

– Framgangsmåten som her blei nytta er ikkje berre uetisk, men i strid med føresegner i Pasient- og brukerrettighetslova. Eg meiner statsforvaltaren bør sjå på kommunen sin praksis og gi nødvendig rettleiing om pasient- og brukerrettigheter etter lova, seier Bernt.

Karmøy kommune har fått tilsendt ei rekke spørsmål på e-post. (sjå eigen faktaboks).

Helse- og omsorgssjef Nora Olsen-Sund har valt å gi eit generelt svar.

Dette svarar Karmøy kommune:

«Praksis i Karmøy kommune er å ha ein tett og god dialog med brukarane. Vi går på besøk til den enkelte i dei tilfella det er behov for å diskutere ulike løysingar. Dette gjer vi for å vareta den enkelte på ein god måte. Vårt mål er å ha god dialog med den enkelte brukar og dei pårørande. Vi beklagar om ein opplever at dette ikkje er tilfelle. Det er viktig for oss å følge gjeldande lovverk i ein kvar samanheng og opptrer i tråd med dette. Dette blant anna for å sikre forsvarleg og rettferd i dei tilboda som blir gitt.»

Flere nyheter fra Rogaland

Kaos i Stavanger med «IShowSpeed på besøk»

IShowSpeed går live fra Rogaland

Øivind Moen, eier av Grønt Partner i Larvik

Fryktar konkurs etter ny potettoll: – Totalt krise