Hopp til innhold

Karin (42) har ulækjeleg kreft: Får ikkje sjanse til å prøva ny medisin

Det vekkjer sterke reaksjonar at styresmaktene har sagt nei til ein ny medisin for pasientar med ulækjeleg brystkreft. – Eg føler meg makteslaus, seier Karin Håversen Utne.

Karin Håversen Utne

Brystkreftpasient Karin Håversen Utne (42) prøver å leva ein så normal kvardag ho kan og er i full jobb. Håpet er ein ny medisin som kan forlenga livet.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Det var rett etter påske i år 42-åringen begynte å få vondt i høgre sida av kroppen.

Så gjekk ho til legen og spurte om det var brekte ribbein.

Sjølv hadde Karin Håversen Utne frå Bryne i Rogaland ingen mistanke om kreft.

Heller ikkje at det var spreiing frå brystkreftdiagnosen ho fekk første gong i 2015.

Men svaret var HER2-positiv brystkreft med spreiing. Det er ein ulækjeleg sjukdom.

– Umiddelbart var det veldig mykje usikkerheit. Det var trist og kjempetøft.

I dag prøver ho leva eit så normalt liv ho kan med mann og to barn. Ho er i hundre prosent jobb.

Men det går veldig opp og ned. Ho blir sliten av enkle ting.

– Eg har lyst til å vera ein del av samfunnet på lik linje med andre. Men samstundes har eg ein alvorleg diagnose som gjer at eg ikkje kan delta på same måte likevel, seier Utne.

Karin Håversen Utne

Karin Håversen Utne går i dag på to typar medisinar. Den eine var ikkje godkjent då ho fekk kreft første gong i 2015. – Den hjelper meg, men eg veit ikkje kor lenge den verkar.

Foto: Thomas Ysteim / NRK

Nei til ny medisin

I fjor fekk nesten 3500 personar brystkreft i Noreg, ifølge Kreftforeininga.

Om lag 15 prosent av desse får den aggressive HER2-positiv diagnosen, slik som Utne frå Bryne.

Ein ny medisin gir likevel håp. Enhertu heiter legemiddelet.

Men måndag denne veka blei det tommel ned frå Beslutningsforum. Det er dei som bestemmer kva medisinar som ska bli tatt i bruk her til lands.

Overlege Bjørn Naume

Leiar Norsk Brystcancer Gruppe (NBCG), Bjørn Naume.

Foto: Ola S. Hana

Norsk Brystcancer Gruppe (NBCG) er blant dei som reagerer sterkt. Bruppa består av Noregs fremste behandlarar av brystkreft.

– Det er beklageleg. Me veit at dette er eit svært godt medikament. Det er mykje betre enn det me i dag nyttar ved HER2-positiv brystkreft, seier leiar av gruppa, Bjørn Naume.

Ifølge Naume kunne ein fått lenger kontroll på sjukdommen ved hjelp av den nye medisinen.

– Medisinen må godkjennast fordi den gjer at pasientar med denne type brystkreft vil kunna leva lenger utan å utvikla sjukdommen. Dermed kan dei leva betre med sjukdommen.

Kreftforeininga: – Burde vore godkjent

Kreftlegane får støtta frå både Brystkreftforeininga og Kreftforeininga.

Dei peikar på at det er snakk om kvinner med få behandlingsalternativ og ein veldig alvorleg diagnose.

– Dette er ein medisin som burde vore godkjent og som vil gi effekt. Det vil komma bevis på det, seier generalsekretær i Kreftforeininga, Ingrid Stenstadvold Ross.

En kvinne med mørke klær og brunt hår ser mot kamera. Det er Ingrid Stenstadvold Ross fra Kreftforeningen.

Generalsekretær i Kreftforeininga, Ingrid Stenstadvold Ross.

Foto: Maria Olivia Rivedal

Dei som står bak avgjerda om å ikkje innføra den nye medisinen (Enhertu) kunne ikkje stilla til intervju med NRK søndag.

Dei viser til protokollen frå Beslutningsforum måndag (ekstern lenke):

«Med tilgjengeleg dokumentasjon er det ikkje mogleg å vurdere relativ effekt i forhold til dagens behandlingsalternativ, og prisen er høg.»

Vidare står det at:

«Bestillerforum for nye metodar ber om ny vurdering når det ligg føre nye data som forventast våren 2022.»

Same vedtak i Danmark

Same vedtak er gjort i Danmark av det danske Medicinrådet for tre veker sidan. Grunngjevinga er stort sett den same som i Noreg.

– Dei seier det er for dårleg dokumentasjon, men den er på veg. Då burde ein vore litt fleksibel og innført dette mellombels, meiner Ross i Kreftforeininga.

Ho etterlyser eit system som er litt meir fleksibelt.

– Dei seier medisinen ikkje er godt nok dokumentert, Bjørn Naume i Norsk Brystcancer Gruppe?

– Det er på grunn av ein studie som ikkje har hatt såkalla kontrollarm. Men den har gitt gode resultat slik me vurderer det medisinfagleg.

Tilbake på Bryne er Karin Håversen Utne i gang med å pynta juletreet.

Kvar dag håpar brystkreftpasienten på ein medisin som kan gi eit langt og godt liv.

– At Enhertu-medisinen ikkje er godkjent gjer at eg mistar tryggleiken om at det finst ein medisin som kan hjelpa meg til å leva lenger. Det er tungt og eg føler meg makteslaus.