Karantene-rampen har flytta inn hos barnefamiliar

Rampe-Ole tilbyr strøssel til yoghurten, og karantenehøna speler Ludo med dei andre leikedyra. Nå har karantenerampen flytta inn hos norske barnefamiliar.

Karanteneramp - strøssel

FLYTTA INN: I helga flytta Rampe-Ole inn hos familien Wisløff i Bergen

Foto: Christine Møen Wisløff

– Eg ser for meg at det blir meir og meir brakkesjuke. Då er det gøy å ha eit litt artig innslag i kvardagen, seier Christine Møen Wisløff.

Christine Møen Wisløff - privatbilde

GODE TIPS: Christine Møen Wisløff har gode tips til dei som kombinerer barn og heimekontor.

Foto: Christine Møen Wisløff

I helga la ho ut eit innlegg på bloggen Enklere Småbarnsliv, og fortalde at heime hos henne hadde karantenerampen flytta inn. Han heiter Rampe-Ole og er inspirert av rampenissen, som fann på rampestrekar kvar dag i heile desember.

To og eit halvt år gamle Sofie og fire og eit halvt år gamle Petter er veldig begeistra for det nye familiemedlemmen.

– Det er stas når dei vaknar om morgonen og ser kva karantenerampen har funne på, seier Wisløff.

Sidan karantenerampen flytta inn, har han blant anna tilbode strøssel til yoghurten, perla bursdagskake, og stengt ei leike inni ein ballong.

Karantenerampen- ballong

INNESTENGT: Petter og Sofie måtte sprekke ballongen for å redde leika Rampe-Ole hadde stengt inne i ein ballong.

Foto: Christine Møen Wisløff

Men det treng ikkje vere avanserte greier, meiner Wisløff.

Nokre tips er at karantenerampen legg fram ei oppskrift på noko familien kan bake saman, han kan klippe busta av tannbørstane til ungane og kjøpe nye, eller strø skoa rundt i gangen.

– Ein må ikkje legge lista så høgt. Då blir det eit stressmoment for dei vaksne. Gjer enkle ting som barna set pris på, seier ho.

Karantenehøne

Blogginnlegget om karantenerampen er det mest leste innlegget Wisløff har lagt ut nokon gong.

– Eg har fått tilsendt ein del bilete av folk som følger meg på Instagram. Ei fortalde om ei dokke som hadde flytta inn i dokkehuset til jenta i huset. Ho skulle gjere rampestrekar inni dokkehuset, fortel Wisløff.

I Skudeneshavn i Rogaland har karantenehøna flytta inn hos Audhild Ekanger Stueland.

Karantenehøne på sjørøvertokt

PÅ TOKT: Ein morgon hadde karantenehøna dratt på sjørøvartokt på Den sorte dame saman med dei andre kosedyra.

Foto: Audhild Ekanger Stueland

Seks år gamle Marie og veslebror Jone på fem er svært nøgde med den nyinnflytta.

– Eg ville at ungane skulle ha noko å glede seg til kvar morgon nå som vi er heime, seier Stueland.

Karantenehøne spiller ludo

VENNETID: Karantenehøna har fått med seg Løveungen, Frøken Kanin og Tigergutt på ein runde Ludo.

Foto: Audhild Ekanger Stueland

Karantenehøna likar å spele Ludo med andre leikedyr. Ho har også mønstra på Den Sorte Dame, der ho nyleg fungerte som kaptein.

Ekstra heimekontor

Det er krevjande når to skal jobbe og ungane ikkje har barnehage og skule å gå til.

For Christine Møen Wisløff og mannen betyr det å dele dagane i to, fordi ein må vere saman med ungane til ei kvar tid.

Kveldane blir også nytta.

Men det finst måtar å lure inn litt ekstra heimekontor.

– Det har komme fleire og fleire livearrangement på Facebook. I går var ungane med på eit arrangement med kulturskulen i Oslo. Då fekk eg jobba ein halvtime ekstra, seier ho.