Hopp til innhold

Frå stryk til femmar på sommarskule

Ein av fem sommarskuleelevar i Rogaland gjekk frå stryk til femmar på matteeksamenen. – Dette beviser at tettare oppfølging er den beste måten å auka kvaliteten i skulen, seier Sigrunn Haaland i Utdanningsforbundet.

Silje Watland

16 år gamle Silje Watland hata matte når ho gjekk ut av første vidaregåande i vår. Nå er ho ein femmarelev.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Margoth Sundsbø

Margoth Sundsbø er leiar av sommarskulen i Rogaland, ho meiner at det er mykje den ordinære skulen kan læra av dei.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

16 år gamle Silje Watland strauk på matteeksamen i vår med karakteren ein.

Sjølv om ho dermed fekk tilbod om sommarskule, hadde ikkje Silje særleg lyst:

Fekk pengar for å gå

– Eg hata matte og ville ikkje bruka fjorten dagar av ferien min til å gå på sommarskule, men så fekk eg pengar av foreldra mine viss eg gjekk, så då var det berre å gå, seier ho.

– Kor mykje pengar måtte til?

– 5000 kroner.

Dette var pengar som fekk mattetrøytte Silje til å setja seg på skulebenken midt i sommarferien for å gjera eit nytt forsøk på matteeksamen.

74 elevar

Det er Vg1 yrkesfagelevar i Rogaland som får tilbod om sommarskule dersom dei stryk på eksamen i matematikk eller naturfag.

Gratis felles frukost og litt fysisk aktivitet er også del av sommarskulen.

Til matteeksamen møtte 73 elevar i tillegg til Silje opp. Dei aller fleste av desse klarte denne gongen å unngå strykkarakteren.

14 elevar fekk fem, 14 fekk fire, 15 tre, 28 to og tre strauk denne gongen også.

Silje var ein av dei som gjekk frå den dårlegaste karakteren ein, til den nest beste karakteren fem:

– Eg blei ganske sjokkert. Planen var at eg berre skulle stå og svara på det eg kunne, og det gjorde eg. Det var sjukt men kjekt då eg fekk vita at eg hadde fått fem, seier Silje Watland.

– Betre oppfølging

Sigrund Haaland

Sigrund Haaland er leiar for Utdanningsforbundet i Rogaland og meiner den tette oppfølginga elevane får i sommarskulen burde vore gjengs for heile skuleåret.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Bak desse karakterløfta ligg det mykje arbeid av lærarane for å få elevane engasjerte meiner leiar for sommarskulen Margoth Sundsbø.

– Lærarane er fantastisk flinke til å gje oppfølging og gjer mykje omsorg på vegen. Elevane på sommarskulen blir høyrt, sett, tatt vare på og dei får den hjelpa dei treng.

Dette er Silje einig i:

– Lærarane var svært gode. Me fekk ein matteprøve kvar dag, og viss du ikkje kunne den så blei du igjen til halv fire. Dei som fekk til prøven kunne gå heim ein time før. Derfor lærte du eigentleg uansett, seier ho.

Sundsbø meiner at den regulære undervisinga har mykje å læra av sommarskulen:

– Eg trur fleire elevar treng å ha færre fag, og heller meir av det same faget over kortare tid, seier ho.

– Burde vore gjengs for heile året

Sigrunn Haaland er leiar for Utdanningsforbundet i Rogaland og meiner at politikarane må ta dei gode resultata i sommarskulen til etterretning.

– Dette viser berre at god oppfølging med god tilgang på lærarar er det elevar lærar mest av. Målet må vera at elevar skal sleppa å gå på sommarskule og at dei heller får gode karakterar til våren.

For å få det til meiner ho at det må fleire lærarar inn i skulen, slik at det blir færre elevar på kvar lærar.

Silje hadde uansett ein svært god dag i går då karakteren kom i posten, og det hadde foreldra også:

– Dei blei kjempeglade. Mamma trudde ikkje på meg først, men når dei forsto det var sant sa dei at me skulle feira, fortel den glade 16-åringen som ikkje lenger hatar matte.