Hopp til innhold

Kappkjøring på motorvegen i Stavanger

Politiet har mistanke om at det var kappkjøring som førte til ei trafikkulukke ved påkjøringa til motorvegen i Stavanger, natt til søndag.

Diagonalen

Dei involverte kom kjørande på Diagonalen frå Hinna og skulle inn på motorvegen E39, nordover mot Auglendshøgda og Stavanger. (Arkivfoto)

Foto: Google

Påkjøringa frå Diagonalen, nordover mot Stavanger på motorvegen, blei stengt natt til søndag. Bilulukka som skjedde der, kan ha oppstått etter ei kappkjøring i forkant, melder politiet på Twitter.

Køyrte ut på islagt vatn

Rett før midnatt fekk også politiet melding om ei trafikkulukke ved E39 i Bjerkreim. Den skjedde ved Saglandsvatnet, som ligg midt mellom Bjerkreim sentrum og avkjøringa til Egersund ved Krossmoen.

Utforkjørsel frå E39 ved Saglandsvatnet i Bjerkreim

Ein personbil hadde køyrt av vegen og ned ein skråning mot Saglandsvatnet. Bilen låg delvis ute på isen, var beskjeden til politi og ambulansepersonell.

Eine beinet til ein av dei som var i bilen blei knekt og politiet tok sertifikatet til føraren.

Uroleg natt i Haugesund

Politiet har sett ei rekke personar i arresten i Haugesund i natt. Det skuldast bråk og slossing på utestader, køyring med alkohol i blodet og at politiet har funne narkotika på personar dei har kontrollert.