Hopp til innhold

Kaplan tvangssendt ut av landet

Natt til laurdag blei familiefaren Kamuran Kaplan henta av politiet i heimen sin i Stavanger. Han blei tvangssendt til Tyrkia og kan ikkje vitja familien sin i Norge dei neste fem åra.

Kamuran Kaplan

Etter ulovleg opphald i Norge i fleire år og med vektlegging på ein tidlegare valdsdom har Høgsterett avgjort at Kamuran Kaplan må tilbake til Tyrkia. Etter tvangsutsendinga i helga står hans tre barn og kona fortvila att i Stavanger.

Foto: Anne Lise Indrefjord / NRK

Det har heilt sidan høgsterettsdommen i november i fjor vore klart at Kamuran Kaplan må tilbake til Tyrkia. Måten det skjedde på i helga får likevel familien og forsvararen til å reagera.

– Dei var ti politimenn. Fire banka på døra klokka 04.00 medan heile huset var omringa av politi. Me følte oss som terroristar, seier kona Naime Kaplan til Aftenbladet.

Demonstrasjon

I januar i år blei det demonstrert i Stavanger for at Kamuran Kaplan skulle få bli i Norge. Dette var i samanheng med Amelie-saka.

Familien har opphaldsløyve

Kamuran Kaplan meiner at han er forfylgt av politiske styresmakter i Tyrkia på grunn av sitt politiske engasjement for den kurdiske befolkninga.

Hans kone og tre barn har fått opphald i Norge på humanitært grunnlag, medan Kaplan må forlata familie, heim og jobb for å reisa tilbake til Tyrkia.

I høgsterettsdomen frå i fjor er det at han har opphaldt seg ulovleg i Norge og at han frå 1999 blei dømt til tre månader i fengsel for knivstikking som er vektlagd.

At ein familiefar blir tatt bort frå barna sine, og ikkje får lov til å vitja dei i Norge på fem år har gjort at forsvararen til familien, Bent Endresen, har klaga saka inn til menneskerettsdomstol i Strasbourg.

– Tvangsutsendinga gjekk etter forskriftene

Han reagerer også på måten tvangsutsendinga skjedde på i helga. Kaplan skal ha fått nokre minutt til å ta farvel med barna sine.

– Dette er politistat-metodar som er heilt uakseptable og som påfører familien store skadar, seier Bent Endresen til Aftenbladet.

Politiets Utlendingsenhet seier at tvangsutsendinga gjekk etter forskriftene.

– Me varslar aldri om tidspunktet for uttransportering på førehand. Då risikerer me at dei forsvinn og at me ikkje finn dei, seier Ole Johan Heir i UP til avisa.