NRK Meny
Normal

Kaplan har fått opphaldsløyve

Kamuran Kaplan, som vart tvangutsend frå Noreg i 2011, har fått opphaldsløyve i Noreg, og kan reisa til landet så snart han får visum frå ambassaden i Tyrkia.

Kamuran Kaplan

Kamuran Kaplan får komme tilbake til Norge.

Foto: Anne Lise Indrefjord / NRK

Norsk-kurdiske Kaplan vart tvangutsend til Tyrkia i 2011, etter å ha jobba som fabrikkarbeidar i Stavanger i ti år. Familien vart sitjande att i Noreg åleine, men snart kan dei få ektemann og far heim att.

– Endeleg kan han koma heim! seier ei lukkeleg kone, Naime Kaplan til NRK. Ekteparet har tre born, to søner på 22 og 20 år og ei dotter på ni.

– Me blir ein familie igjen, held ho fram.

Ifølgje ho har han vore litt sjuk fordi han saknar familien og ikkje har visst om han får treffa dei att eller ikkje. No gler han seg berre til han kan setja beina på norsk jord att.

– Augneblinken då me skal henta han på Sola, det blir utruleg. Det blir heilt utruleg, seier Naime.

Må få visum

I 1998 vart Kaplan sin asylsøknad avslått, og i 2010 bestemde Høgsterett at Kaplan skulle sendast ut av landet. I 2011 vart han henta i heimen sin og transportert ut. Sidan då har han budd på ulike stader i Tyrkia, fordi han hevdar han er på flukt frå tyrkiske myndigheiter.

I juni 2014 vann Kaplan mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. No, nesten eitt år seinare, kan han endeleg pakka kofferten og setja kursen mot Noreg.

– Det er berre praktiske ting som står att før han kan koma til Noreg att, seier advokat Bent Endresen.

Blant dei praktiske tinga er at han må få visum. Det får han ikkje denne veka, fordi ambassaden i Tyrkia er stengd denne veka, opplyser Endresen.

Fakkeltog for Kaplan

FAKKELTOG: Familie og eit par hundre andre gjekk i fakkeltog i Stavanger i november i fjor, for å støtta Kaplan.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Ein skam

Endresen er ikkje nådig i domen sin over behandlinga Kaplan har fått av norske myndigheiter.

– Det er beklageleg og skamfullt at det har gått så lang tid. Det er skammeleg at dei ikkje sende han flybilletten rett etter domen i Strasbourg. Blir ein dømd der, så bør ein ikkje byrja å unnskylda seg og trenera saka, seier han.

Aftenbladet skreiv i oktober at Utlendingsnemnda (UNE) ikkje anka domen, og at Kaplan då måtte søka om familiegjenforeining på lik linje med alle andre.

I Utlendingsdirektoratet (UDI) seier presserådgjevar John Olav Kroken følgjande til NRK:

– Seks månader behandlingstid er ikkje spesielt lenge, vanleg behandlingstid i familiegjenforeiningssaker er mellom ni og tolv månader. Me skjønar at det kan vera frustrerande, men det er slik det dessverre, seier Kroken.