No såg ho på meg og bad meg halde kjeft. Stoppa Hyundaien like ved politisperringane i raudt og kvitt, tok på seg ei jakke med Lyse Energi-logo og gjekk ut av bilen.
- Pass på her du! Eg går og prøver finne ut kva som har hendt. Berre sei du er frå Lyse Energi om nokon spør kva du har her å gjere.
Sjølv om det var midt i januar og utanom sesongen hadde også nokre få nysgjerrige turgåarar samla seg ved politisperringane. Søndagsturen til Orrestranda vart nok litt annleis enn dei hadde tenkt i dag.
Både politi og ambulansefolk utfalde hektisk aktivitet som tydelegvis ikkje hadde noko direkte med meg å gjere likevel. Men eg har altså denne bristen at berre synet av politi gir meg kjensla av å ha gjort noko gale, og at dei er ute etter akkurat meg. Og at Synnøve hadde ting på gang som eg slett ikkje hadde oversikt over, poet eller ikkje poet, det er no heilt sikkert. For ei smørje eg var hamna opp i! Er det rart eg kortslutta eit augeblikk med så mange trådar i lause lufta. Akkurat no skulle eg ønskje livet var ein draum, og at lik i lasten berre var noko som fanst i litteraturen. Vel er eg ein gamblar og ei søkande sjel som ikkje køyrer safe i ein kvar situasjon, men no hadde eg rota meg bort i noko som var totalt utanfor min kontroll.
Synnøve bøyer seg under politisperringane som ingenting og går med raske steg mot Friluftshuset, der dei kjem berande med ei båre dekt av eit teppe, tydelegvis på veg mot ambulansebilen. Plutseleg er Synnøve ved båra og før nokon får sukk for seg riv ho bort teppet. Eg skimtar ein livlaus person, skalla og iført ein blodig frakk som ser ut til å vere ein kamelhårsfrakk. Synnøve skrik opp og sig saman. To politikvinner hjelper henne på beina og fører henne bort frå båra og ambulansen. Eg går ut av Hyundaien for å møte henne ved politisperringane. Den eine politikvinna spør om eg er ein nær venn av henne. Eg nikkar ja. Så overlet dei Synnøve til meg. Ho er ikkje akkurat på topp lenger – nei, ho ser ut som om ho er iferd med å gå i oppløysing rett framfor auga mine.
- Nokon har drepe onkelen min, kviskrar ho og støttar seg til meg.
- Ta meg bort herifrå!
Det var på høg tid å vise seg som ein mann med handlekraft og initiativ. Eg hadde dessutan publikum no; dei nysgjerrige turgåarane, som hadde stoppa opp framfor sperringane, held auge med meg. Det var berre å spele rolla som trøystar og helt. Eg får henne inn i Hyundaien, ber henne gi meg bilnøklane og startar opp. Får bilen opp på hovudvegen og svingar i retning Stavanger. Synnøve meir ligg enn sit oppreist i passasjersetet ved sidan av meg.
- Onkelen min, mumlar ho. – Det var han som visste kvar ranspengane er plasserte. Utan han kjem alt til å gå i dass. No er det berre Gud som kan hjelpe oss.
I sladrespeilet dukkar det opp ein bil bak oss, som ikkje held seg til fartsgrensa, men det er verken ambulansebil eller politibil.