Hopp til innhold

Veldig pågang hos norske legevakter – fleire tusen ringer

Korona fører til stor pågang hos legevaktene i Noreg, både på telefon og oppmøte. Sundag fekk legevakta i Stavanger 1500 telefonar. Måndag braut linja saman, og vektarar blei tilkalla.

Vektarar foran inngangen til Stavanger legevakt

VAKT: Måndag føremiddag var pågangen så stor at Stavanger legevakt kalla inn vektarar for å passe inngangen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Telefonlinja som skal ta imot spørsmål om korona ved Stavanger legevakt, braut saman måndag føremiddag.

– Nå ringer det så mange at koronatelefonen har brote saman, seier legevaktsjef Hilde Frafjord til NRK litt før klokka 11.

Litt seinare var telefonen oppe igjen, men pågangen var framleis stor.

Hilde Frafjord, sjef for Stavanger legevakt

IS I MAGEN: Legevaktsjef i Stavanger, Hilde Frafjord, ber innbyggjarar som trur dei har korona, om å ikkje komme inn på legevakta. – De kan smitte andre, seier ho.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

For å ta imot både vanlege pasientar og pasientar som trur dei er smitta av korona, har Stavanger kommune oppretta eit eige «koronanummer». Også Oslo opna eit slikt nummer måndag.

Åtte nye smitta i helga

Sundag fekk koronatelefonen og det vanlege legevaktnummeret 1500 oppkall til saman. Ifølgje Bergensavisen ringer 1000 til legevakta der kvar dag. Meir enn halvparten handlar om korona.

Gjennom helga blei det meldt om fleire nye smittetilfelle over heile landet. Sundag kveld var talet 169. Nye tal kjem måndag klokka 18.

Sundag blei det òg kjent at ein tilsett ved fødeavdelinga på Stavanger universitetssjukehus (SUS) er smitta.

Stavanger legevakt – korona-skilt

SKAL IKKJE INN: Ved inngangen blir personar som kjem til legevakta oppmoda om å ringe viss dei trur dei kan vere smitta med korona. Prøver blir ikkje tatt inne på legevakta, men i bilen pasientane sit i.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Auken i talet på smitta gjer truleg at fleire nå søker informasjon. Også sundag hadde Stavanger problem med telefonane til legevakta.

Måndag kom folk dessutan køyrande til legevakta.

– Det må ikkje folk gjere. Vektarar er tilkalla, sa Frafjord ved 11-tida.

Ved 13-tida var vektarane sende heim.

Vil unngå smittespreiing på legevakta

Styresmaktene oppmodar folk til først å bruke Folkehelseinstituttet på nett. Dei som ikkje finn svar der, kan dei ringe det nasjonale nummeret 815 55 015.

– Viss du oppfyller kriteria der og har mistanke om at du er smitta eller sjuk, ha litt is i magen. Ikkje møt opp på legevakta, seier Hilde Frafjord i Stavanger.

Årsaka er at fleire kan bli smitta.

– Det er veldig viktig at dei som er mistenkt sjuke eller sjuke ikkje kjem hit, for då kan dei smitte folk som er på legevakta av andre årsaker.

Korona-test i Sandnes

I BIL: Ved legevakta i Sandnes og fleire andre stader kjem helsepersonell ut og tar prøver av pasientar i bilen.

Foto: Privat

I nabokommunen Sandnes har legevakta aldri hatt så stor pågang som måndag. Ekstra mannskap er kalla inn.

– Det er heilt på brestepunktet av kva vi greier å ta unna. Det er kaotisk, seier kommuneoverlege Hans Petter Torvik.

Pågangen har samanheng med at det laurdag landa eit fly frå Salzburg i Austerrike på Sola, trur Torvik. Den SUS-tilsette har vore på ferie der.

Mange på nett hos FHI

Folkehelseinstituttet sine heimesider hadde måndag føremiddag ti gonger så mange besøkande som på ein vanleg dag. Dei jobbar for å halde sidene oppe.

Måndag var det cirka 4000 samtidige brukarar. Til vanleg er talet ein tidel av dette, altså 400, skriv webredaktør Ann-Kristin Norum Abrahamsen i Folkehelseinstituttet (FHI) i ein e-post til NTB.

– Vi følgjer saka tett og gjer alt vi kan for at sida skal halde seg oppe, opplyser Abrahamsen.

Telt foran inngangen til Stavanger legevakt

TELT: Utanfor Stavanger legevakt, som ligg ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), er det sett opp eit telt. I teltet skal dei ta prøver av folk dei trur kan vere smitta av korona.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK