NRK Meny
Normal

Kaos i Stavanger måndag morgon

Ta høgde for at det går seint å koma fram på vegane i sentrum av Stavanger på måndag morgon! Det er rådet frå ONS-general Sevland.

trafikk tjensvollkrysset

Det blir tett trafikk gjennom Tjensvollkrysset komande veke

Foto: Erik Waage / NRK

På måndag startar fire dagar med unntakstilstand i trafikken i Stavanger sentrum og ut mot messeområdet på Tjensvoll.

– ONS har førehandsbetalt bussbillettane til alle som har inngangsbevis til oljemessa. Derfor er vårt råd til dei fleste å ta ein av dei mange shuttle-bussane som er sett opp, seier Leif Johan Sevland, som er direktør for ONS.

Leif Johane Sevland før ONS Norway

Direktør for ONS, Leif Johan Sevland

Foto: Inger Johanne Stenberg

Varsla kaos

Han beklagar at dei 50–60 000 gjestene bidrar til kaos i trafikkbilde nokre dagar kvart andre år, men ber også folk hugse på at arrangementet bidrar mykje til næringslivet i Stavanger-området.

– Uansett så bør folk som ikkje har tenkt seg på oljemessa, prøve å halde seg mest mogeleg vekke frå Tjensvoll-området, oppfordrar Sevland.

Taxibransjen åtvarar også

Det var fredag ettermiddag at Sevland var i Ettermiddagslokalen og fortalde om kva trafikk som kan ventast på måndag morgon.

Der fekk han også med seg historia om ein ONS-deltakar som hadde bestilt drosjetur frå Storhaug bydel og til messeområdet på den tida.

– Det kan vera at taxien kjem opptil ein time for seint og du må rekna med at køyreturen tar mellom 45 minutt og ein time, var svaret frå taxiselskapet.