Hopp til innhold

Kaos etter velt

Eit vogntog velta i ei rundkøyring i Bekkefaret i Stavanger i ettermiddag. Velten skapte store trafikkproblem.

Ein lastebil velta i Bekkefaret
Foto: Erik Waage / NRK

Då vogntoget kom inn i rundkøyringa velta lastebilen medan tilhengaren vart ståande. Ingen personar vart skadd.

Skeiv last

Vogntoget var lasta med stillas i både stål og aluminium. Ei årsak til velten kan vere skeiv fordeling av lasten. Stillasa av stål skal vere lasta på den eine sida medan stillasa av aluminium låg på den andre sida.

Det har vore fleire lastebilvelt i det same området i det siste. Statens Vegvesen undersøker ulykkesbilen.

Lasten raste ut

Oppryddinga etter velten har også vore problematisk. Då traileren skulle fraktast bort raste lasten ut i vegen, slik at vegen var stengt endå eit par timar.