NRK Meny
Normal

Kanonsommar i to dagar – men badetemperaturen vil neppe stiga

– Me må ha minst ei veke samanhengane med sol og stille vêr dersom badevatna skal bli nemneverdig varmare, ifølgje havforskar.

Sol og sommar på Solastranda

Sommaren 2014 vil nok dei færraste gløyma med det første, men også i 2013 var det periodar med svært godt vêr. Her frå Solastranda.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Leif Nøttestad

Leif Nøttestad er havforskar ved Havforskingsinstituttet. Han slår fast at bading i Rogaland framleis berre er for dei mest hardbarka.

Foto: Privat

I dag kjem endeleg sommaren til Rogaland. Gradestokkane vil dei fleste stadene krypa over 20-talet, og i morgon kan den nå heilt opp til 27 grader. Enkelte stader er det også meldt tropenatt i natt.

Med tanke på at temperaturane går ned og skyene kjem tilbake allereie frå fredag er nok dei fleste klar for å nytta desse to dagane til det fulle. Skal du bada må du likevel vera tøft, for to dagar med sol gjer lite med temperaturen i vatnet.

– Dersom det hadde vore fint med sol og stille vêr i ei veke ville nok temperaturane i det øvste laget av badevatna gått opp litt, seier havforskar ved Havforskingsinstituttet, Leif Nøttestad.

Uvanleg kaldt i havet

Temperaturane sjøen i år har vore lågare enn normalt, og veldig mykje lågare enn i fjor då dei var uvanleg høge.

– I fjor låg havtemperaturen tre grader over det som er normalen, nå er det veldig kaldt på kysten. Den ligg på 12, 13 og 14 grader. Det burde nok vore 14, 15 eller 16 grader, seier Nøttestad.

Anne Solveig Andersen

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen har mykje fint å sei om vêret det neste døgnet i Rogaland.

Foto: Marit Hommedal

Med andre ord er bading framleis berre for dei mest hardbarka.

Fin helg

Det er likevel dei som liker seg på land som har mest å jubla for dei komande dagane.

– Det er rett og slett ein fin sommardag me får i dag, og i morgon blir det varmare, men ein god del meir vid også, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Ho seier at sjølv om temperaturane går ned, vil også helga bli fin. Men på måndag er det slutt på godvêret for denne gong.