Hopp til innhold

Kan vinne valet på nei til samanslåing

I Ryfylke er politikarane opne for ein storkommune mellom Hjelmeland, Strand og Forsand. Men folket seier nei. Det kan slå positivt ut for Senterpartiet sin ordførarkandidat i Hjelmeland.

Bjørn Laugaland

Senterpartiet sin ordførarkandidat i Hjelmeland er glad for at arbeidet med ei kommunesamanslåing har bremsa opp.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

– Då me fekk meiningsmålinga, då stoppa det opp, seier Senterpartiet sin ordførarkandidat i Hjelmeland, Bjørn Laugaland.

Han snakkar om planlegginga av ei kommunesamanslåing av Hjelmeland, Forsand og Strand.

For den politiske leiinga i dei tre kommunane jobba for ei samanslåing, men så viste meiningsmålingar i Hjelmeland og Forsand at fleirtalet av folket ikkje vil ha det. Og det er Laugaland i Senterpartiet glad for.

Gir Sp medvind

– Me gjer oss sjølv i Hjelmeland til ein utkant, og det vil me ikkje vera, seier Laugaland.

Han er nei-generalen framfor nokon i Hjelmeland. Og no kjenner han medvinden frå ei folkemeining som kan få han ut av steinknuseriet der han jobbar i dag og inn i kommunehuset etter valet til hausten.

Hadde funne namnet

Då folket sa nei hadde politikarane i det tre kommunane allereie kome godt i gong med planlegginga. Dei hadde til og med lansert eit namn på den nye kommunen, nemleg Fjord kommune.

Høgre-ordføraren i Hjelmeland, Trine Danielsen, er blant dei som har sett dei positive sidene ved ei samanslåing.

– Det er 50 år sidan det sist var ein reform og samfunnet har jo endra seg veldig på dei 50 åra. Og så ynskjer me å ruste kommunen og Ryfylke for framtida, seier Høgre-ordførar i Hjelmeland, Trine Danielsen.

Trine Danielsen, folkemøte i Hjelmeland

Ordførar i Hjelmeland, Trine Danielsen, trur spørsmålet om kommunesamanslåing kan bli avgjerande i valkampen.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Hjelmeland er ein kommune med berre 2800 innbyggjarar, og Danielsen meiner at Hjelmeland blir for liten og sårbar til å kunne stå aleine i framtida.

– Viss du har ein forvaltar og den blir sjuk så har du ingen forvaltar. Og viss du drifter ein legevakt eller eit omsorgssenter så er det klart at viss du har fleire tilsette så er du mindre sårbar.

Kan bli avgjerande i valet

14. september er det val og folkerøysting i Hjelmeland om kommunen skal halde fram med arbeidet med ei samanslåing, eller seia endeleg nei.

Ordføraren trur spørsmålet om kommunesamanslåing kan bli avgjerande for om ho blir sittande.

– Eg reknar med at dersom folket ikkje vil, så røyster dei heller ikkje på meg. Så då for nokre andre ta over og prøve å jobbe aleine, seier Danielsen.

I Ryfylke er politikarane opne for ein storkommune mellom Hjelmeland, Strand og Forsand. Men folket seier nei. Det kan slå positivt ut for Senterpartiet sin ordførarkandidat i Hjelmeland.