Hopp til innhold

Her blir mina sprengt av forsvaret

Eit område på Karmøy blei sperra av etter eit funn av det som truleg er ei mine frå andre verdskrig. I ettermiddag valde forsvaret å spenge mina.

Det blei gjort nok eit minefunn på Åkrasanden i Karmøy i dag. Forsvaret valde å sprenge den.

Her blir mina sprengt på Åkrasanden. Mina stammer truleg frå andre verdskrig. BILETE: Kjell Bua

Litt over klokka tre i ettermiddag sprengte forsvaret ei mine på stranda på Åkrasanden i Karmøy.

Det var ein familie på tur, som oppdaga gjenstanden nede i vasskanten på stranda. Ei strand som er populær blant turgåarar.

Mogleg minefunn på Åkrasandes

Minefunnet på Åkrasanden føyer seg inn i ei lang rekke minefunn som er gjort her dei siste åra.

Foto: Kjell Bua

Hoppa over den

– Eg såg ikkje at det var noko der, og hadde nett hoppa over den då mannen gjorde meg merksam på gjenstanden, seier Ragnhild Aarø til nettavisa Haugalandnytt.

Dette var heilt nede ved vasskanten i eit område som politiet nå har sperra av. Familien blei likevel ikkje redde, då den truleg har ligge i 70 år utan at noko har skjedd.

Oddvar Olsen i politiet har tidlegare vore med på å fjerna miner på Åkrasanden og fortel at dette liknar ei såkalla stridsvognmine.

– Det blei lagt ut tusenvis av denne type miner under krigen. I det siste har det dukka opp mange, truleg på grunn av at sanden flyttar seg. Kanskje er me inne i ein periode med lite sand, og at det er derfor det har dukka opp spesielt mange miner dei siste åra, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund, Oddvar Olsen.

Minefunn på Åkra dei siste åra:

– Respekter sperringane

Eit område rundt mina var sperra av tidlegare i dag, då ba politiet folk om at sperringane måtte respekterast.

– Som regel er det framleis sprengstoff i minene, sjølv om tennmekanismen truleg har forvitra, seier Olsen.

Åkrasanden