Hopp til innhold

Kan lade mobilen i kjøkkengardina

Sandnes-gründeren har funne opp ei «smartgardin», som produserer straum ved bruk av solenergi. Men pengar til å setje den i produksjon er det umogleg å finne, meiner oppfinnaren.

Gründer Helge Karlsen framføre ein prototype av solenergi-gardina han har laga.

Gründer Helge Karlsen framføre ein prototype av solenergi-gardina han har laga.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Vallogo

Helge Karlsen er 57 år og utdanna ingeniør. Dei siste åra har han brukt mykje tid på den spesielle svarte gardina, som nå heng på kjøkkenet hans.

Solenergi-gardin, som Helge Karlsen har laga.

Solenergi-gardina kan blant anna lade opp ein mobiltelefon.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Den ser ut som ei vanleg rullegardin, med ei om lag 15 gonger 15 centimeter stor vifte innebygd i gardina, men skil seg kraftig frå vanlege gardiner på andre måtar.

– Med denne usb-kabelen kan eg for eksempel lade opp mobilen min. Energien kjem frå sollyset som skin på gardina, seier Karlsen.

Og dette er berre ein av mange funksjonar. I tillegg kan gardina bidra med oppvarming av rommet. Den kan brukast til ventilasjon og den kan fjerne luftfuktighet, for å nemne nokre av dei innstillingsmoglegheitene som Karlsen fortel om.

Innovasjon Norge er ikkje interessert

Problemet, slik Karlsen opplever det, er at han ikkje får sjanse til å utvikle oppfinninga og setje den i produksjon. Det blir for dyrt.

– Innovasjon Norge har ikkje kompetanse til å forstå kva potensial smartgardina mi har, hevdar Karlsen.

– Det eg får beskjed om derfrå er at eg må finne meg ein finansiell partnar som vil investere pengar i oppfinninga, men det er jo ikkje lett å skaffe, seier han,

Ulike oppfatningar

Ein kilometer lengre vest på Forus, over i Stavanger kommune, held det nystarta selskapet Future Home til. Dei leverer ei løysing for å styre mellom anna oppvarming, lys og gardiner i privathus.

Erik Stokkeland frå Future Home med ein pakke som skal ut til ein ny kunde

Gründer Erik Stokkeland frå firmaet Future Home meiner at Innovasjon Norge har oppdratt han til å bli ein god gründer.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ein av gründerane, Erik Stokkeland, har ei heilt anna oppfatning av Innovasjon Norge.

– Dei hjelpte oss til å bli gründerar, fortel han. Dei gav oss eit lynkurs i at me måtte bruke meir tid på å finne kundar som ville betala, og mindre tid på å perfeksjonera ideen vår.

– Dei er veldig flinke til å utdanna gründerar, slår Stokkeland fast.

Kassa er tom

I Rogaland hadde Innovasjon Norge brukt opp alle løyvingar for 2015 i juni i år. I ein situasjon der kreative menneske mista arbeidet i oljesektoren, var det mange som hadde idear dei ville utvikle sjølve.

Marianne Gudmundson Chesak, førstekandidat for Ap i Rogaland i fylkestingsvalget

Regjeringa har skvisa budsjettet til Innovasjon Norge. Det meiner Marianne Gudmundson Chesak, førstekandidat for Ap i Rogaland i fylkestingsvalet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Per Kåre Foss, fylkestingskandidat for KrF i Rogaland

Per Kåre Foss, fylkestingskandidat for KrF i Rogaland, meiner at regjeringa viser at dei forstår alvoret med løyvinga på 100 millionar kroner ekstra til Innovasjon Norge.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Regjeringa løyva 100 millionar ekstra til Innovasjon Norge, på landsbasis, i sist veke, for å fylla opp støttekontoen. Men for fylkesordførarkandidat i Rogaland, Marianne Gudmundson Chesak frå Arbeidarpartiet, så var ikkje dette godt nok.

– Det er bra at dei forstår alvoret og løyver 100 millionar kroner ekstra til Innovasjon Norge i heile landet, men dette er for lite. Gründarane i Rogaland treng meir, seier fylkesordførarkandidat for Ap, Marianne Chesak.

Per Kåre Foss, fylkestingskandidat for KrF, er heilt usamd i denne framstillinga. Han meiner at dette viser at regjeringa tar ansvar og handlar, når det er nødvendig.